Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)
Valle
TripAdvisor rating of 4.5

3

Setesdalsmuseet på Rysstad

Setesdalsmuseet på Rysstad tek deg med på ei vandring gjennom kultur, historie og tradisjonar i Setesdal.

”So gjekk me kledde i Råbyggjelaget” har vi kalla museet si nyaste utstilling. Råbyggjelaget er det gamle namnet på dei indre og vestre bygdene i Aust-Agder, og hovudtema er draktskikken i dette området. Utstillinga gjev oss glimt frå kvardagslivet, men fokuserer mest på livshøgtider som dåp, konfirmasjon og bryllaup. Tablå med dokker, i kombinasjon med tekster og eit rikhaldig biletmateriale, gjer fortida levande for oss. Sjå også filmen ”Eit anna Setesdal”, som viser at setesdølane ikkje berre var opptekne av det som hadde vore. Aldri før hadde dei markert seg så kraftig i det offentlege liv som i tiåra før og etter år 1900.

”Kraftutbygginga i Setesdal” er via nyare historie. Meir enn noko anna har kraftutbygginga det siste hundreåret vore med på å leggje premissane for utviklinga i dalen. På godt og vondt er dalen avhengig av at naturressursane vert brukte for å gi storsamfunnet elektrisitet. Naturen har fått vonde sår, men folk har fått arbeid og inntekter ein elles ville ha vore forutan. 

Museet har eit lite suvenirutsal og tilbyr enkel servering.

Kilde: Setesdal

0

Setesdalsmuseet på Rysstad

Senest besøgte sider