Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Voss Ski- og tursenter

I området rundt Voss ski- og tursenter har du mange moglegheiter. På stadionområdet kan ein gå kortare rundar i det som er rulleskiløypa om sommaren. Her er også lysløype om kvelden. Det er to 5 km løyper som er fine for dei som vil ha ein litt lengre runde. Ein kan følge løypa i nordleg retning mot Nonshaugane eller sørleg retning mot Djupåsen. Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar.

Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter. Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot vêr og vind.I Herresåsen ligg ei fin turløype, i fantastisk turterreng, som blir kalla «Juvelen». Følg bilvegen forbi stadion mot Bordalsvegen. Ta til venstre i T-krysset, og ta så til venste igjen mot Herresvegen. Parker på Herresleitet. Dette er fint startpunkt for lange og korte skiturer. Frå Herresleitet kan du gå «lille-Juvelen» som er ein runde på om lag 4km, eller «store-Juvelen» som er om lag 8km. Juvelen kan også gåast som ein lang tur på om lag 12km frå stadion. At løypa vert kalla “Juvelen” på folkemunne, er ikkje utan grunn. Fleire stader i traséen er det avkortingar, som gjer at ein kan koma raskare heim. Løypa vert preparert både for klassisk og skøyting.Det er også fint å gå på fjellski mot Grønahorgi frå dette området. Følg då skiløypa som går gjennom Juvelen og oppover mot Otlebogane. Det er ofte sjølvtråkka skispor frå andre skigåarar som du kan følgje. Frå Otlebogane følgjer du vegen oppover mot Grønahorgi. Her er det av og til preparert skispor opp til stølane, og vidare derfrå er det ofte fine, sjølvtråkka skispor som kan følgjast.Ved å starta fra stadion går ein rett inn i lysløypa og konkurranseløypene. Desse løypene er også kopla saman med Herresåsen. Ein får då ei kraftig stigning før ein kjem opp i Herresåsen. Det går òg ein lengre runde rundt Sonvesåsen. Denne runden kan startast frå stadion eller frå parkeringa ved Oldesåsen. Du følger då bilvegen forbi Voss ski- og tursenter (om du kjem frå Palmafossen). Ta til høgre opp ein liten bakke, når du kjem til eit T-kryss. Her ligg parkeringsplassen.Området er åpent for alle som ynskjer å gå på ski og gå tur.

Last updated: 01/03/2024

Source: Destinasjon Voss

Voss Ski- og tursenter

Senest besøgte sider