Sett av 6-8. august i kalenderen, og bli med på ein splitter ny festival på Fedje! På Lengst Vest kan du oppleve kjekke underhaldning- og konsertopplevingar, havsport og friluftsliv.
På kvelden blir det fullt program med musikk, dans, latter, og allsang. Det blir konsertar og underhaldning med ei rekke spennande artistar, og vi garanterer topp stemning. På dagtid kan du oppleve blant anna barne- og familiearrangement, sommarmarknad med lokale produsentar, servering av mat og drikke, samt ein lun og koselig stad å opphalde seg i.
Aldersgrense på kveldsarrangement er 18 år.
VERGEORDNING: Barn under 18 år kan bli med dersom dei har med seg ein verge. Vergen skal vere ein edru og ansvarlig vaksen, og vedkommande må fylle ut vergeskjema.
Både verge og barn skal kjøpe ordinær billett, og du kan ikkje nyte alkohol/rusmidler før eller under konserten. Verge skal være minimum 23 år, og du er ansvarleg for at dei du er verge for ikkje benytter rusmidler før eller under showet. Du kan kun ha ansvar for maksimum 2 mindreårige. Du må også fylle ut vergeskjema ved oppmøte.
Har du spørsmål om vergeordningen, send e-post til: [email protected]
HAVSPORT OG FRILUFTSLIV
Det blir ein festival for heie familien, med aktivitetar for både store og små – både til havs og på land. Festivalen har eit hovedfokus på havsportaktiviteter, og vil tilby blant anna kurs i fridykking, kajakk, sup, coasteering, båtførerkurs for kvinner, friluftslivsaktivitetar, og mykje meir. Mange kule aktører er involvert, og vi håper at akkurat DU vil bli med på moroa.
For meir informasjon, besøk oss på sosiale medier:
https://linktr.ee/Lengstvest
Last modified: 31.07.2026
Kilde: Visit Bergen
Se hvad der er i nærheden
Lengst Vest 2026


























































