

















Bu på Lyngheisenteret sin eigen gard!
Frå Lyngheisenteret er det 4 minutt å gå til Magnusgarden, som har overnattingsplassar til 16 vaksne. Dette er ikkje eit hotell, men eit gardshus frå 1913. Her er det inga lysforureining og du kan sjå stjernehimmelen ekstra klårt. Her er stille og fredeleg, med utsikt over fjorden, berre eit par minutt frå utmarka og turstiane på Ytre Lygra. Kort veg til badevik og gode fiskeplassar. Sjekk inn og pust ut.
Lag din eigen mat på kjøkkenet eller besøk Matstova på Lyngheisenteret i opningstida og kjøp deg eit måltid der, basert på lokale råvarer.
I huset finn du:
I første etasje:
• Stove (spisebord med plass til 8 pers, vinkelsofa (sovesofa), 3 lenestolar
• Kjøkken med komfyr m/steikeovn, oppvaskmaskin, kjøleskap m/frys, kaffetraktar, tekokar og alt nødvendig serveringsutstyr
• Sørastovo (2 senger + 1 seng i kammers)
• Bad m/dusj og toalett
I andre etasje:
• Sørelemmen (5 senger + 2 i kammers)
• Norelemmen (2 senger + 2 i kammers)
• Fjorden (2 senger)
• Bad med toalett
Huset har 16 senger totalt. WiFi – fiber er installert.
Alle priskategoriar finn du på Magnusgården sin heimeside.
Om Lyngheisenteret på Lygra:
Lyngheisenteret er vakkert plassert i det historiske kystlandskapet i Lindås, Nordhordland. Her kan du gå tur på flotte, tilrettelagde stiar i lyngheiene, eller sjå film og utstilling, gå på gardsbesøk, leige sykkel eller fiskestong, og er du heldig kan du sjå både ørn og villsau.
Lyngheisenteret er i dag den einaste staden i Europa kor du kan oppleve autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som er tilrettelagt for publikum. Det er eit levande museum som ligg innunder paraplyen Museumssenteret i Hordaland, og som har som oppgåve å formidle vestnorsk kystkultur i tillegg til vern av lyngheiane.
Korleis komme seg til Lygra:
Du kan dra til Lyngheisenteret med båt, bil og buss.
Båt: Det går hurtigbåt morgon og ettermiddag frå Strandkaiterminalen i Bergen, sjå norled.no. Ein nydeleg båttur på 40 minutt. Frå Lygra kai er det ein 10 – 15 minutts fin spasertur til Lyngheisenteret.
Bil: Det tar omlag1 time å køyre frå Bergen til Lygra, og ca. 30 min frå Knarvik. Følg E39 nordover, i rundkøyringa før Knarvik ta til venstre (RV57) mot Leirvåg (Mongstadvegen), følg RV57 til Seim og skiltinga vidare til Lygra og Lyngheisenteret. For ein flott rundtur og bilturoppleving, kan det anbefalast å køyre FV404 tilbake via Alverstraumen.
Buss: Det går rutebuss frå Bergen til Knarvik, og vidare derifrå til Lyngheisenteret. I Knarvik vel du buss 311-313 til Lygra snuplass. For rutetabell, sjå skyss.no. NB! Billettprisen ut til Lygra er den same som i Bergen
| Enkeltrom – Fra pris | 650 NOK * |
| * Pris fra |
Kilde: Visit Bergen