Dynamic Variation:
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Setesdal Valle

Valle kyrkje

  • Nordibøvegen 96, Valle
  •  /  km From You
Overview

Kyrkja står på Vaddarhaugen, midt i Valle-bygda, og vart innvigd i 1844. Den gamle kyrkja, som vart bygd i 1660-åra, vart då riven. Me veit ikkje når den aller første kyrkja i Valle sokn vart bygd, men i ei rekneskapsbok frå Paven i året 1327 står det at det var to kyrkjer, ei på kvar side av elva Otra.

Kyrkja på austsida har alltid stått på Vaddarhaugen. Kyrkja på vestsida av elva, på Nomeland, vart truleg nedlagd i samband med reformasjonen i 1537. Restar av den gamle kyrkjegarden er enno synlege på sørsida av byggjevareforretninga.

Anders Torsson Syrtveit heitte byggmeisteren. Han hadde bygd 6 kyrkjer før, mellom dei kyrkjene i Hylestad og Bygland. Han ville ha 900 speciedalar for arbeidet. Mykje av Valle sokn var mest skoglaust på den tida. Det meste av tømmeret til den laftebygde kyrkja vart difor hogge på Rygnestad-heii, 1,5-2 mil borte. Bord og plankar hadde like lang transportveg, frå Finndalen i Austeheii, der det var oppgangssag.

Kyrkja er ei krosskyrkje. På båe langsidene er det to store trev (galleri), der ungdomane sat, gutane på høgre sida og jentene på venstre. Slik var det i kyrkjebenkene også, mennene på høgre sida og kvinnene på venstre. På kyrkjetårnet er det ein verhane, og under den er det forma eit hjarta som ein kan sjå frå alle fire sidene. I tårnet er det måla på eit tårnur.
Døypefonten er forma som eit timeglas og er åttekanta. Det symboliserer åtte menneske som vart berga i Noas ark. Åttetalet kan skrivast uendeleg mange gonger utan å lyfte pennen, så det har vorte talet for atterføding og æveleg liv. Dåpsfatet av tinn er kanskje det eldste inventaret i kyrkja.

Altartavla er ei gåve som Valle kyrkjelyd fekk i 1670 av lagmann Laurits Andersøn og kona. Måleriet er ein nederlandsk kopi frå midten av 1600-talet etter Egidius Sadelers stikk etter Federico Baroccis måleri «Gravlegginga» (frå tida 1579-82), som er i kyrkja «Chiesa della Croce» i byen Senigallia (Italia). 

Johannes, Josef frå Arimatea og Nikodemus har kome til grava som er hogget inn i fjellet på høgre side av biletet. Maria Magdalena kneler ned i tilbeding, medan Maria og kvinnene rundt henne har trekt seg tilbake i sorg og fortviling. I bakgrunnen ser vi Golgata, ein borg og Jerusalem. 

Valle kyrkje er enkel i form og har lite utsmykking, så altartavla set difor sterkt preg på romet. Motivet er noko uvanleg for ei altartavle; det gjev romet ei særskild stemning. Same biletet er elles kopiert i Røldal stavkyrkje. Originalmåleriet av Federico Barocci er italiensk renessanse, men kopien i Valle kyrkje er nederlandsk barokk. Det inneber at originalen er harmonisk og vakker, medan kopien gjev eit meir dramatisk og realistisk uttrykk. Dette er også eit uttrykk for skilnaden mellom søreuropeisk katolisisme og nordeuropeisk protestantisme.

Kyrkja vart innvigd den 1. desember 1844. Ein av dei mange som var i kyrkja den dagen, var målgranskaren og grunnleggjaren av landsmålet, nynorsken, Ivar Aasen.  Han var då i Setesdal på ei av reisene sine. Landsmålsliturgien vart innførd i 1919, og Nynorsk salmebok vart teken i bruk i 1926.

I 1934 vart det første orgelet sett inn i kyrkja, bygd i 1885 av August Nielsen. Nytt orgel kom på midten av 1970-talet. Orgelet i kyrkja i dag er bygd av det nederlandske firmaet Steendam i 1997. Det er bygd i seinklassisk nederlandsk stil og har 18 stemmer + 4 transmisjonar fordelt på hovudverk, svellverk og pedal. Det vert regelbunde halde konsertar i kyrkja.

På kyrkjegarden står det minnesteinar over Olav Knutsson Tveiten (1758-1837), som var utsending til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll i 1814, læraren og forfattaren Torgeir Bjørnaraa (1864-1951) og Knut Bø (1896-1944), som vart avretta av tyskarane i 1944.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad