Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

TripAdvisor rating of 4

101

Sølvgarden Hotell & Feriesenter

Book

Sølvgarden ligg i idylliske Setesdal mellom fossar og fjell. Her kan du slappe av i rolege omgjevnadar, nyte flott natur, oppleve kultur og tradisjonar. Du finn hotellet i tettstaden Rysstad, rett ved Otra der du kan fiske, bade og padle.

Sølvgarden Hotell & Feriesenter er, av Reiselivsbedriftenes Landsforening (RBL), klassifisert til 4 stjerner, og campingen har 5 stjerner.

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Det er fokus på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande og restauranten har alle rettigheitar.

På Sølvgarden får du også servera Setesdals særeigne jolemat med fisk/kjøt, nepe (kålrot), spa (suppe) og heimelaga lefse.

Stor eller lita gruppe, selskap eller uformelt møte; snakk med Sølvgarden og dei lagar til ei oppleving for deg utifrå det temaet du ynskjer.

Hotellet ligg ca. 2 timar frå Stavanger og Kristiansand, ca. 1 time frå Hovden og Evje, og til kjende stader som Lysefjorden og Dalen i Telemark er det 1,5 times køyring.

Last updated: 03/26/2024

Source: Setesdal

Sølvgarden Hotell & Feriesenter

Book

Senest besøgte sider