Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)
Bykle

Søre Hartevassnuten - rundtur 6 km

På toppen av Austmannaliskaret
Stikryss på Hartevassnutane
Steinur ved Søre Hartevassnuten
Flott utsikt fra toppen

Langs Hartevatn ligg Hartevassnutane, som er fleire markante fjelltoppar. Søre Hartevassnuten er den høgste på 1155 m.o.h.

Turen opp til Søre Hartevassnuten er krevjande med stigning heile vegen opp, og på veg ned på baksida av fjellet er det ei stor steinur som må kryssast. Born og hundar kan ha problem med å krysse denne ura utan hjelp. I tillegg er det bortimot ei  loddrett fjellside mot aust, og har du med born på turen, må dei sjølvsagt passast ekstra godt på.

Den fyrste kilometeren gjeng løypa langsetter bekken og oppover gjennom bjørkeskogen, men etter kvart blir terrenget meir og meir opent, og du kjem til slutt opp på snaufjellet. Frå toppen er det fin utsikt over fjellområda rundt. Turen er merkt som ei rundløype på toppen før returen fylgjer den same stien ned gjennom bjørkeskogen. Turen kan òg kombinerast med Nordre Hartevassnuten, og returen ender då opp i Hartevassnuten hyttefelt.

Startstad: Hegni friluftsområde, 1 km sør for Hovden.

Kilde: Setesdal

Søre Hartevassnuten - rundtur 6 km

Senest besøgte sider