Rygnestadtunet


Rygnestadtunet er eit av dei mest særprega museumsanlegga i landet.
Bygdetunet ligg i vakre omgjevnader på den fredelege garden Rygnestad, omlag 9 km nord for Valle sentrum. Det autentiske tunet omfattar m.a. hus og gjenstandar etter segnhelten Åsmund Torleivson Rygnestad (ca. 1538- ca. 1595), eller Vonde-Åsmund som han vart kalla.
Særleg kjent er det såkalla Rygnestadloftet. Der kan du sjå dei eineståande og sjeldne tekstilbonadene frå 1500- talet, som kan ha vore på garden i snart 400 år. Tømmeret i dette loftet har enorme dimensjonar. Byggjemåten til Trihågeloftet er heilt spesiell. Loftet har tre etasjar, noko som var svært uvanleg. Det var fem slike loft i Valle, men berre det på Rygnestad står att der det vart bygd.
- Sommer
Kilde: Setesdal
Rygnestadtunet