Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search
Southern Norway Setesdal Valle

Hylestad Kyrkje

  • Setesdalsvegen 3260, Postboks 18, Rysstad
  • +47 37937524
  •  /  km From You
Overview

Hylestad kyrkje på Rysstad vart innvigd i 1839. Kyrkja er åttekanta, eit symbol på det ævelege og på den åttande dagen, då Jesus skal kome attende. Ho har våpenhus, skip, kor og sakristi. På sidene er det trev (galleri). Kyrkja er laftebygd, men tårnet er av vanleg reisverk.

Kyrkja er så vidt ein veit, den tredje i Hylestad sokn. Den fyrste kyrkja var ei stav-kyrkje som stod på Bjørgum, på austsida av elva Otra. Frå denne kyrkja kjem dei vidkjende Hylestad-portalane, som no er på Universitetets Oldsaksamling i Oslo. Dei er i utforming utan sidestykke i mellomalderkunsten.

Det er to portalar, den mest kjende er den figurale, som i kunstferdig utforming framstiller segna om Sigurd Fåvnesbane i kamp med draken Fåvne. På den høgre planka er Sigurd og smeden Regin i ferd med å smi sverdet dei skal drepe draken Fåvne med. Ovanfor dette har kunstnaren tydeleg skildra korleis sverdet gjennomborar den buk-tande ormen. På den andre halvdelen held Sigurd på å steikje drakehjartet. Han brenner seg når han skal kjenne etter om det er steikt, og stikk fingrane i munnen. Då skjønar han kva fuglane – som sit i treet ovanfor – seier: Regin vil svike Sigurd og ta heile gullskatten til Fåvne åleine! Då renner Sigurd sverdet gjennom Regin så blodet spruter ut av munnen. Øvst på portalen har kunstnaren gjort eit hopp i soga. Den mandige Gunnar Gjukesson ligg  bunden i ormegarden og speler på harpe for å få ormane til å sovne. Symbola er heidenske, men kampen kan oppfattast som ein kamp mellom dei vonde kreftene og den sigrande Kristus. Det heidenske ragnarok vert til den kristne domedag.

Den andre portalen er ornamental, med plante- og dyremotiv. Uttrykksforma på portalane fører attende til kring år 1200. Då stavkyrkja på Bjørgum vart riven i 1664, vart portalane brukte i den nye kyrkja. Då den andre kyrkja vart riven i 1838, vart portalane selde, den figurale kom til Rike i Valle, den ornamentale til Straume. Til oldsaksamlinga i Oslo kom dei i 1867 og 1876. Ved inngangsdøra til kyrkja på Rysstad er det sett opp ein kopi av den figurale portalen.

Den andre kyrkja på Bjørgum var laftebygd. Ho vart etter kvart så dårleg at folket trong eit nytt og større gudshus. I 1838 vart kyrkja på Bjørgum riven, og den noverande kyrkja på Rysstad vart bygd. Grunnen til flyttinga over elva til vestsida av Otra, var at det skulle byggjast køyreveg oppover dalen, og vegen skulle gå på vestsida, der det budde flest menneske. Anders Torsson Syrtveit og sonen Olav var byggmeistrar. Kyrkjegardsmuren på Bjørgum vart flutt til Rysstad; han vart køyrd over isen om vinteren. Den gamle porten frå Bjørgum vart også flutt, han står no som inngang ved riksvegen.

Den gamle altartavla frå kyrkja på Bjørgum vart med til den nye kyrkja på Rysstad. Ho er måla i 1780 av kunstnaren Ole Chr. Neuwert (1746-1808) i Kristiansand. Det er eit todelt måleri. Nedst ser ein nattverden, ei skildring som liknar mykje den ein finn på altartavlene i kyrkjene i Risør og Dypvåg. Det er nytta eit koparstikk av Boëtius à Bolswert som førelegg, og Bolswert har kopiert eit måleri frå 1632 av den berømte flamske målaren Rubens. Oppe er krossfestinga skildra i eit bilete som skal ha lånt drag frå van Dyck. Altartavla er med på å særmerkje kyrkja. Ramma til altar-tavla er skoren ut av Olav T. Berg (1805-1859) og vart fornya i samband med flyttinga til den nye kyrkja og måla i gull, raudt, grønt og grått.

I kyrkja er det også to andre gamle måleri, gåver frå Aase og Gudbrand Askvig, som hadde kjøpt garden Bakken på Bjørgum før krigen. Over preikestolen heng eit måleri av italienaren Pietro Paolo Vasta (1697-1760). Måleriet skildrar då Jesus vart teken ned frå krossen. Det skal ha vore sjølvaste Lord Nelson som åtte måleriet. I kyrkja er det også eit anna italiensk måleri, med Maria og Jesusbarnet som motiv. Kunstnaren er ukjend, men biletet er truleg måla på slutten av 1700-tallet eller tidleg på 1800-tallet.

I samband med 100-årsjubileet i 1939 gav Aase og Gudbrand Askvig også eit Chicago Cottage trøorgel til kyrkja. Men det førte til at ein laut syngje etter koralboka, og då vart dei gamle salmetonane borte. «Dåmen» (det musikalske uttrykket) i songen vart ein annan. Orgelet i kyrkja i dag er bygd av Br. Torkildsen i 1991 og har 11 stemmer fordelte på eitt manual og pedal.

Utanfor kyrkja står ein minnestein over brørne Bjørgulv (1901-1944) og Sigurd (1917-1945) Rysstad, som døydde i tysk krigsfangenskap.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal

Price

Description Price
Gratis Entré
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad