Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

Drøymarnuten - tur- retur 7 km

Turen går langs ei gamal tømmerslepe den fyrste delen av løypa. Seinare går ein over til sti med varierande underlag. Området har eit rikt dyreliv, og er ein heldig, kan ein sjå ulike typar vilt. I enden av løypa ligg eit utkikkspunkt på ca. 710 moh. Herifrå kan ein sjå både Byglandsbygda, fjorden og Jordalsbø.

START: Rindane bustadfelt,1 km øst for Bygland sentrum / WGS84: 58.832903, 7.813468

TIDSBRUK: 2 - 4  timar

LENGDE: 7 km tur-retur

MERKING: Blå 

BANDTVANG: 1. april – 20. august

SPORLAUS FERDSEL
Naturen i Bygland er unik og nytast best utan 
søppel. Ver nøye med å ta med deg di eiga søppel, slik at dei som kjem etter deg også får gleda av
å oppleve den flotte naturen.

Turgåarar har ansvar for eigen sikkerheit.

Last updated: 12/19/2023

Source: Setesdal

Drøymarnuten - tur- retur 7 km

Senest besøgte sider