Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)

Bykle

Bykle kyrkje

Biskop Olav Skjævesland la ned grunnsteinen til Bykle nye kyrkje den 1. januar år 2000. Inni steinen blei det lagt teikningar som barneskuleelevar frå Bykle kommune hadde laga. På same tid blei det bestemt at kyrkja skulle vere tusenårsbygget til Bykle kommune.

Vel fire og eit halvt år seinare, den 5. september 2004, vigsla den same biskopen kyrkja. Arkitekten var Hans Olav Aanensen i firmaet Drange & Aanensen. Hovudentreprenør var firmaet Brødrene Reme, men det var ei rekke andre firma inne som delleverandørar.

Dei samla kostnadene for Bykle nye kyrkje, inkludert inventar og kunstnarleg utsmykking var like under 30 millionar kroner.

Kvifor bestemte kommunestyret seg for at Bykle trong ei ny kyrkje, i tillegg til gamlekyrkja? Frå 1960-talet til tusenårsskiftet blei folketalet i Bykle kommune meir enn dobla, frå under 500 menneske til knapt 1000. Den gamle, vakre kyrkja hadde blitt altfor lita. Dessutan hadde det blitt oppdaga at rosemåleria var i ferd med å bli øydelagde på grunn av den elektriske oppvarminga som gjorde at lufta vart svært tørr. Riksantikvaren pressa på for å sørge for at kyrkja ikkje blei bruka så mykje, først og fremst om vinteren.
Den nye kyrkja er ei arbeidskyrkje i tre, med langkyrkjeplan og saltak. Ho er rektangulær, og har eitt skip. Korpartiet ligg integrert i sjølve kyrkjerommet. Den samla grunnflata i første etasje er på ca. 315 m2. Kring langsidene og inngangspartiet på kyrkja ligg låge fløyer med rom for ulike aktivitetar. Det romslege galleriet er på rundt 80 m2. Veggene er kvitmåla, og den tredelte himlingen har synlege, trekvite bjelkekonstruksjonar.

Bykle nye kyrkje er sterkt prega av moderne kunst. Det spesielle er at alt av kunst på ein framifrå måte er integrert i, og tilpassa bygningen. Det kan ha fleire grunnar, men den viktigaste er truleg at målaren og multikunstnaren Per Odd Aarrestad tidleg kom med i planleggingsprosessen saman med arkitekten, Hans Olav Aanensen, og byggenemnda. Aarrestad er først og fremst kjend for å ha utstyrt mange kyrkjer med kunstverka sine. I den nye kyrkja i Bykle er dette gjennomført. Golvet er dekt med skifer. Aarrestad har utført heile den kunstnarlege utsmykkinga: Glasmåleriet i fondveggen, altaret med altarskåp og altarring, døypefonten med rennande vatn, preikestolen og mosaikken som er lagt i golvet i midtgangen.

Dei kvitmåla veggane gjer kyrkjeromet lyst og triveleg. Kyrkjeromet med galleriet har til saman 220 sitteplassar. Det må leggast til at dette rommet har ein uvanleg rein og fin akustikk. Musikarar har uttala at det er det beste konsertlokalet i heile Setesdal.

Orgelet er plassert over inngangspartiet. Det har 15 stemmer, og var ferdig til bruk i 2005. Hovudverket har åtte stemmer, medan svellverket har fem og pedalverket to. Både orgelhuset og fasaden er laga av furu. Nils Arne Venheim har bygd orgelet.


Underetasjen, “kyrkjekjellaren” til kvardags, har ei grunnflate på ca. 340 m2. Der finn vi eit godt utstyrt kjøkken, eit stort, godt utstyrt møterom, kontor, barnerom, eit lager for speidarane, bårerom og toalett. I kjellaren blir det servert kyrkjekaffi. Dessutan vert lokalet ofte nytta til andre tilstellingar som til dømes konfirmasjon og dåpstilstellingar. Denne kjellaren er ein av dei viktigaste årsakene til at den nye kyrkja i Bykle blir svært mykje brukt – og ikkje berre på sundagar og andre heilagdagar.

Så seint som sundag 26. mai 2014 vart kyrkjegarden ved Bykle nye kyrkje vigsla. Fungerande prost, og sokneprest i Bykle og Valle, Terje Seilskjær, stod for vigslinga.

Last updated: 08/09/2023

Source: Setesdal

Bykle kyrkje

Senest besøgte sider