Norge åbner op! Se den seneste information om coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Møre og Romsdal TINGVOLL

Tingvoll Økopark

  • Gunnars veg 6, Tingvoll
  • +47 41331114
  •  /  km From You
Overview
Details

Tingvoll Økopark er ein jordnær opplevingspark med blikket mot framtida. Her kan ungar og vaksne læra om livsgrunnlaget vårt og om kvar maten kjem frå. I Meitemarkens rike bur meitemarken Metrus som gjerne inviterer deg med på ei reise både langt ned i jorda og ute i solskinet der dyra beitar og det finst alle slags vekstar.

Den gamle storlåven på garden 1800 m² er forvandla til eit moderne læringssenter. Utstillinga «Reisen i jorda» strekkjer seg over fleire etasjar, der du kan gå djupare og djupare ned i jorda – eller du kan starta i djupet og jobba deg oppover til epletreet på toppen. Her kan du oppdaga både fakta og finurlege økosystem på morosame måtar. I løpet av reisa kjem du til både Meitemarkteater, Liggjekino, Titteskapsbikube, Faktaspelet og mykje meir.

På toppen av låven vil det utover året dukka opp temautstillingar, og dei minste kan køyra traktor her på regnvêrsdagar. Innimellom vert det dessutan spela dokketeater her.

På uteområdet møter du ville kaninar og kosete grisar, søte lam og kaklete høns – og mange andre dyr. Du kan rusla langs bugnande bed og i den duftande Stjernehagen, nye leikeplassar og klatrepark.

Økokafeen Kafé Frau har ny kafémeny med økoblings, sommarens supper, bakst og økologisk iskrem. I den vesle butikken finn ein både økologiske og kortreiste varer.

På Sommarprogrammet finn du bl. a Økolab- aktivitetsveke for aldersgruppa 7-12 år, matinékonsertar på utvalde laurdagar, daglege omvisingar til faste tider, temadagar og mye meir. 

Kafé og butikk i heile opningstida

Velkommen til Økoparken!


  • Last Updated:
  • Source: VisitNordvest

Overnatning

Hotelfaciliteter
  • Familievenligt

Planlæg rejsen

Tjenester
  • Familievenligt

Aktiviteter

Forlystelsesparker
  • Familievenligt

Opening hours

12. jun 2021 – 15. aug 2021
tir ons tor fre 10:00–16:00
lør søn 11:00–17:00
See All

Price

Description Price*
Voksen 155,00 1 dag
Barn 5-15 år 95,00 1 dag
Familiebillett Familie 2 voksne og 2 barn 445,00 1 dag
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages