Dynamic Variation:
Offers
Norway Now
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
Ad
Fjord Norway Hardanger Odda

Trolltunga

  • Skjeggedal, Odda
  • +47 48070777
  •  /  km From You
Overview
Details

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet, tar 10-12 timar (totalt 28 km t/r) og høgdeforskjellen er ca. 1000 m.

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er fantastisk og luftig utsikt! Turen er lang, krevjande og går i høgfjellet.

Det er merka sti til Trolltunga. Frå parkeringsplass P2 i Skjeggedal (hovudstartpunktet) er det 28 km t/r, ein høgdeskilnad på ca. 1200 m og estimert gangtid er 10-12 t t/r. Turen kan og starte frå P1 i Tyssedal og P3 på Mågelitopp. Det går og shuttlebussar mellom Odda og Skjeggedal, og mellom parkeringsplassane P1, P2 og P3, sjå meir informasjon under. 

Langs stien til Trolltunga er det skilt som viser kor langt du har gått og kor langt det er att. Det er 4G- dekning med Telenor-nettet store delar av turen. Fotturen til Trolltunga er anbefalt frå starten av juni (avhengig av når snøen smeltar) og ut september. Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr. All naturbasert aktivitet er på eige ansvar.  Er du uerfaren med krevjande fjellturar bør du vere med på guida tur. Trolltunga Active trolltunga-active.com og Trolltunga Adventures trolltungaadventures.com tilbyr guida turar. Frå 16. februar kan ein bli med på guida truge- eller skitur med Trolltunga Active trolltunga-active.com.

SESONG
1. juni – 30. september: Anbefalt sesong (normalt år).
1. oktober – 31. mai: Med guide.
Det er anbefalt å starte turen til Trolltunga tidleg på dagen. Frå september er perioden med dagslys forholdsvis kort og nettene ofte kalde, start derfor seinast kl. 8.00 om morgonen.

UTSTYR
Vêret i høgfjellet kan endre seg raskt, og det er alltid kaldare på høgfjellet enn ved fjorden. Sjekk vêrmeldinga, og gå ikkje dersom det er sterk vind, mykje regn eller tåke. Kvart år er det redningsaksjonar etter turgåarar i vanskar- ver førebudd: Fjellsko, ekstra klede, regnklede, rikeleg med mat og drikke, lommelykt, enkelt førstehjelpsutstyr, fjellduk.
Utstyr kan leigast i Skjeggedal og på turistkontoret i Odda turistkontor@odda.kommune.no.

Ta kontakt med Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, kart og overnatting turistkontor@odda.kommune.no

TRANSPORT, PARKERING OG STARTPUNKT
Med eigen bil
Køyr rv. 13 til Tyssedal, 6 km frå Odda sentrum. Frå Tyssedal føl du skilta Trolltunga/Skjeggedal.

Parkering
P1 i Tyssedal

220 parkeringsplassar. Parkeringsavgift kr 300 for ein dag + eventuell transport til P2/P3.
Avstand til Trolltunga: 40 km t/r.
Høgdeskilnad: ca. 2000 m
Estimert gangtid: 15 t t/r.

P2 i Skjeggedal - Hovudstartpunkt
180 parkeringsplassar. Parkeringsavgift kr 500 for ein dag + eventuell transport til P3.
Avstand til Trolltunga: 28 km t/r.
Høgdeskilnad: ca. 1200 m
Estimert gangtid: 10-12 t t/r.

P3 på Mågelitopp – Øvste startpunkt
Kortar turen t/r Trolltunga med ca. 3 t. Privat veg/parkeringsplass
30 parkeringsplassar. Parkeringsavgift kr 600 for ein dag.
Kjøp parkeringsbillett på trolltunganorway.com/no, eller på billettkontoret i Skjeggedal. Førehandstinging er anbefalt.
Avstand til Trolltunga: 20 km t/r.
Høgdeskilnad: ca. 800 m
Estimert gangtid: 8-10 t t/r.

Kollektiv transport mellom Odda og Skjeggedal

Trolltunga Shuttle
Shuttlebuss mellom Odda, Tyssedal P1 og Skjeggedal P2 køyrast av to selskap ODDATAXI (OT) oddataxi.no og TAXI/BUS ODDA (TBO) taxibusodda.com. Sesong: 1. juni -30. september.
Pris t/r Odda-P2 Skjeggedal kr 250.
 
Frå Odda til Skjeggedal

Odda Camping: 05:50 (TBO), 06:10 (OT), 07:10 (TBO), 07:30 (OT)
Trolltunga Hotel: 05:52 (TBO), 06:15 (OT),  07:12 (TBO),  07.40 (OT)
Odda kino: 05:54 (TBO), 07:14 (TBO)
Odda busstasjon (sentrum): 06:00 (TBO), 06:30 (OT), 07:20 (TBO), 7:50 (OT),
Trolltunga Studios: 06:02 (TBO), 06:32 (OT), 07:22 (TBO), 07:52 (OT)
Tyssedal Hotel, busstasjon: 06:10 (TBO), 06.38 (OT), 07.30 (TBO), 08:00 (OT)
Trolltunga Guesthouse: 06:12 (TBO), 06.40 (OT), 07.32 (TBO), 08:02 (OT)
P1 Tyssohallen: 06:14 (TBO), 06.43 (OT), 07.34 (TBO), 08:05 (OT) 
P2 Skjeggedal: 06:24 (TBO), 07:00 (OT), 07.44 (TBO), 08:20 (OT)

Frå P2 i Skjeggedal til Odda
16:15 (TBO), 17:00 (OT), 17:30 (TBO), 18:30 (OT), 19:00 (TBO), 20:00 (OT).

 Shuttlebus mellom P2 i Skjeggedal og P3 på Mågelitopp
Sesong: 15.juni-15. september (avhengig av snøforhold).
Pris:
Skjeggedal-Mågelitopp: kr 130.
Mågelitopp-Skjeggedal: kr 100 (ved kjøp av t/r billett kr. 70, 30%rabatt)
Kjøp bussbillett på trolltunganorway.com/no, eller på billettkontoret i Skjeggedal. Førehandstinging er anbefalt.

Daglege avgangar frå Skjeggedal P2 til Mågelitopp P3
06:30, 07:00, 07:30, 08:00, 08:30, 09:00, 09:30, 10:00, 10:30, 11:00, 11:30, 12:30, 13:00, 13:30, 14:00

Daglege avgangar frå Mågelitopp P3 til Skjeggedal P2
06:45, 07:15, 07:45, 08:15, 08:45, 09:15, 09:45, 10:15, 10:45, 11:15, 12:45, 13:15, 13:45, 14:15​​​​​

Reise frå Bergen
Bussrute 930 Bergen-Odda, skyss.no.
Hardangerfjordekspressen frå Bergen til Rosendal rodne.no, og buss 760 frå Rosendal til Odda skyss.no

Reise frå Oslo
Alternativ 1: Tog frå Oslo til Voss, nsb.no. Bussrute 990 Voss-Odda, skyss.no. (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).
Alternativ 2: Haukeliekspressen (buss) Oslo-Odda, nor-way.no

Reise frå Stavanger og Preikestolen
Trolltunga-Preikestolen ekspressen 1. juli-31. august, en-tur.no


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS

Generelt

Sværhedsgrad
  • Ekspert
Terræn
  • Fjeldområde
Sæson
  • Sommer

Facts

Effort Level
Expert
Landscape
Mountain area
Season
Summer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad