Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

TripAdvisor rating of 3

219

Trolltunga Camping

Book

Trolltunga camping ligg idyllisk til i Odda, midt mellom to nasjonalparkar. Omgitt av kontrastrik natur, stille vatn, høge fjell med snø på toppane, fossar og isbre berre nokre kilometer frå campingplassen!

Campingen er spesiell med sine trær og buskar som omkransar plassen rett ved Sandvinsvatnet og utsikt oppover "Fossanes Dal" og mot Folgefonna.

Trolltunga Camping ligg 2 km frå Odda sentrum og Hardangerfjorden.Det er 2 km til hestesenter, 6 km til Låtefoss, 5 km til Buer og 14 km til Skjeggedal, som er utgangspunket for fotturen til Trolltunga.

Buerbreen, en arm av isbreen Folgefonna, kan du gå til frå campingen! Det er mogeleg å køyre 5 km til Buer og parkere bilen der. Fra Buer tek gåturen inn til brekanten ca 3 timar tur-retur. På campingen kan ein også bestille ein guida tur på breen. Dette er ein krevjande tur som tek heile dagen og er ei oppleving for livet!

Trolltunga camping har 4 nye hytter, rom og nytt sanitæranlegg. Me har plass til 60 telt / bubilar eller caravaner. Me har rom og hytter. Her er eluttak og eit godt sanitæranlegg med vaske- og tørkemogelegheiter. I resepsjonen har me kiosk med salg av kolonialvarer, is, snop, brus, souvenirer og sal av lokal kunst. Me sel varme rundstykker kvar morgon i høgsesongen. Odda Camping har ope heile året.

Me kan tilby mange aktivitetar og opplevingar. Du kan fiske og bade i vatnet, leige ein kano eller prøve ein av dei mange fine turløypene me har.

Velkomen til Odda Camping!

 

Last updated: 03/26/2024

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Trolltunga Camping

Book

Senest besøgte sider