Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)
Kvinnherad

Salmon Eye - Verdas største flytande kunstinstallasjon

Bestil
WEB
DJI_0052
JAH_84462023
20230214-DSC_5072
JAH_02692023
DcGs8OJrweb
iEsexhlwweb
DSC_2815
DSC_2822
DSC_2833
hKo26sBQWeb
JAH_02042023

Lær meir om havnæringa hjå Salmon Eye, verdas største flytande kunstinstallasjon som ligg midt ute på Hardangerfjorden. Her serveres det også 18-retters smaksmeny hjå restaurant Iris.

Salmon Eye er meir enn berre eit besøkssenter for havnæringa! Lokalisert flytande midt ute på Hardangerfjorden er det lakeseaugeforma bygget verdas største flytande kunstinstallasjon. 

Salmon Eye byr på ei innhaldsprik læringsoppleving kor ein får eit innblikk i korleis havnæringa fungerer. 

Læringsopplevinga, som kostar 349 kr for vaksen og 149 kr for born, startar ved kaien i Rosendal sentrum og inkluderer: 

- Transport ut til Salmon Eye i ein av dei heilelektriske båtane Malm og Melder.

- 2 timar guida visningstur inne på Salmon Eye

- Større grupper kan få visning til andre tider på førespurnad. 

Alle visningsturane hjå Salmon Eye er leia av guide, det vil seie at alle fylgjer same opplegg og kan ikkje kikke på eigen regi. Dei er normalt sett gjennomførte på norsk, med mindre noko anna er spesifisert i bookinga. 

Hjå Salmon Eye ligg også restauranten Iris som byr på ei unik matoppleving med 18-rettars smaksmeny kalla "Expedition Dining". 

Eit rådgjevarpanel med representantar frå forskning, forvaltning, næring og miljøvern har vore med og utvikla denne læringsopplevinga. Gjennom den detaljerte og nøye gjennomtenkte presentasjonen av havnæringa får du sjå næringa i nye perspektiv, og blir oppmoda til å reflektere over korleis næringa fungerer i dag. Målet til Salmon Eye er å inspirere og informere om korleis me kan forsyne verda med meir mat frå havet. All næring etterlater seg fottrykk i verda vår, både positivt og negativt, og dette ynskjer Salmon Eye å kaste lys over. Kva moglegheiter og utfordringar fins innan havbruksnæringa? 

Korleis kome seg til Salmon Eye og restaurant Iris? 

Det er fleire måtar å kome seg til Rosendal kor Salmon Eye er lokalisert. Her er nokre alternativ:

Frå Bergen: 

Med bil: 

Via Gjermundshamn ferjekai: 2,5 timar

Via Tørvikbygd og Jondal: 3 timar

Hardangerfjordekspressen Rødne: Fjordcruise som tar under 2 timar frå Bergen til Rosendal. Denne kan ein også gå ombord frå Bergen lufthavn Flesland



Kilde: Destination Hardanger Fjord AS

Salmon Eye - Verdas største flytande kunstinstallasjon

Bestil

Senest besøgte sider