Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

TripAdvisor rating of 4.5

25

Hardanger folkemuseum

Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske bygningar som høyrar til folkemuseet.

Regionsmuseum for Hardanger med faste utstillingar av hardangersaum, bunad og folkedrakter. Folkemusikkutstilling med landets største samling eldre hardingfeler. Skiftande kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Friluftsmuseum med historiske bygningar og kunst i landskapet. Museumsbutikk og kafé. Bakedag kvar tysdag i juli kl 12:00 – 15:00.

Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit sommarpass for 2020-sesongen. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

Last updated: 04/15/2022

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Hardanger folkemuseum

Senest besøgte sider