Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Kvam

TripAdvisor rating of 4.5

27

Hardanger Fartøyvernsenter

Familievennleg maritimt museum med opne verkstader året rundt, og mange kjekke familieaktivitetar i sommarsesongen. Her får du oppleve Noregs einaste reiparbane i aktivitet, smeden i arbeid i smia og trebåtbygging året rundt. Om sommaren kan du lage trefigurar, slå reip, byggje små båtar og lære knutar. Leig gjerne tradisjonelle robåtar og ro ein tur på fjorden. Omvising kvar dag kl. 13:00 i høgsesong, elles på bestilling for grupper. Vising av maritime filmar i filmsalen. Kafé med søtt og salt. Museumsbutikk med maritime produkt.

Hardanger Fartøyvernsenter er ein del Hardanger og Voss Museum, og saman med Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret tilbyr dei eit sommarpass. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.

Last updated: 03/26/2024

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Hardanger Fartøyvernsenter

Senest besøgte sider