VIGTIGT! Læs denne information om Coronavirus og din rejse til Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ULVIK

Frukt- og siderruta i Ulvik

  • +47 98013497
  •  /  km From You
Overview

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre
gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Du kan vandre gjennom frukthagar frå sentrum og fjorden i Ulvik, og opp til gardane. Alle gardane har gardsutsal.

Gardane tek imot grupper etter avtale for omvisningar og smaksprøvar, og legg vekt på å gje ulike opplevingar. Ta kontakt direkte med kvar gard for grupper!

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Fruktgarden på Lekve driv produksjon av eplemost, sider og brennevin. Førehandstinging av lunsj og middag i gardsrestauranten for større grupper. Sal av sider og eplemost i gardsbutikken.

Lekve gard v/ Nils J. Lekve

Syse gard

Syse Gard, eit vestlandsbruk som dyrkar frukt og held 70 vinterfora sau. Syse Gard er eit Economuseum på frukt og fruktforedling og har gardsutsal med vidareforedla frukt, lammekjøt, eplemost og sider.

v/Gro Tveit Uglenes og Hans Uglenes

Ulvik Frukt & Cideri

Familiegard som dyrkar over 20 eplesortar (mange gamle) og moreller. Driv med vidareforedling av eple til mange ulike typar eplemostar, sider og eplesidereddik. Har gardsutsal med sal av sider,eplemost og eplesidereddik. Moreller og eple i sesong.

 v/Torbjørg Austrud og Asbjørn Børsheim


Gangavstand mellom gardane.
Frå mai til august kan einskildturistar få omvising på ein av gardane kl 1300 5 dagar i veka (etter oppsett plan på heimesida.) Ta kontakt - 901 22 835/ 416 49 906/ 911 02 215

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hardanger Saft- og Siderfabrikk
På fruktgarden Lekve produserer Nils Lekve eplemost, eplesider og frå hausten 2009, eplebrennevin.  

Syse Gard
Typisk vestlandsgard. Produksjon av frukt og lammekjøtt. Gardsutsal med stort utval av heimelaga produkt m.a. eplemost frå Syse Gard, heimelaga syltetøy, hermetiserte plommer eller eple, ulike typar foredla lammekjøt og eplechutney. I tidsrommet 01.08-24.12 er gardsutsalet ope heile tida. Utanom sesongen ta kontakt.

Ulvik Frukt & Cideri
Ulvik Frukt & Cideri er ei famileverksemd på fruktgarden Hakestad. Dei dyrkar eple og produserer ulike smaksvariasjonar av eplejuice og sider. Har og moreller i sesongen.
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages