Bondhusvatnet
Bondhusbrea og Bondhusvatnet har vore eit ynda reisemål sidan midten av 1800-talet, og det har ikkje vorte mindre populært med åra. Bilete av det fotovennlege brevatnet dukkar opp stadig hyppare på sosiale medier, og det er ikkje utan grunn. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg.
Turen opp frå parkeringsplassen i Sundal er ikkje krevjande i det heile. Både barnevogner og rullestolar, dog med kraftig motor, kan få seg opp dalen til Bondhusvatnet. I roleg gange tek turen om lag 2 timar t/r. Ynskjer du å gå heile vegen inn til breen, tek det éin time ekstra.
Parkering, ta av i kryss ved FV 551, merka Bondhusbrea, kjør ca 500 meter til P-Plass Bondhusdalen parkering. Parker på oppmerka felt, eller etter anvisning frå p-vakt/turistvert. Betaling er 100,- kr pr inneverande døgn. Betaling skal utførast ved ankomst før ein forlet bilen og går på tur. Dette gjer ein på P-automat og billett legges i frontrute.
Toalett er tilgjengeleg på plassen.
Det er beitedyr i området og hunder skal haldast i band til ei kvar tid. Vassdraget er drikkevatn for Bondhus og Sundal og skal ikkje badast i.
Bussar som kjem, må parkere på anvist plass 300 meter før hoved p-plass, pga smal veg og snuplass.
Fartsgrense i området er 30 km/t.
God tur !
- Let
- Hele året
- Efterår
- Forår
- Sommer
- Vinter
Kilde: Destination Hardanger Fjord AS
Bondhusvatnet