Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Viki Fjordcamping

Overnatting i flotte hytter ved strandkanten ved Lustrafjorden. Aktivitetar på sjøen med kano,trøbåt og motorbåt.

Viki Fjordcamping ligg i vakre omgivnader ved Lustrafjorden, inst i Sognefjorden. Me har 13 hytter, alle med terasse/balkong med utsikt over fjorden. Dei største hyttene har bad, kjøken, stove og 1-2 soverom. Du kan leige sengetøy/handduk kr. 100/person

Me har plass til 16 campingeiningar med straumuttak og tømmestasjon. Her er nytt sanitæranlegg med vaskemaskin/tørketrommel samt eit lite campingkjøken. Pris frå: Bil/campingvogn/ inkl. straum, 2 personar kr. 320,- / Bubil/ inkl. straum, 2 personar kr. 320,-

Gratis WiFi

Camping: 01.05. - 01.10 Hytter: Heile året

Hjå oss kan du leiga kano, trøbåt og motorbåt, og du kan leiga enkelt fiskeutstyr. 

Det er kort veg til Skjolden og Nasjonalturistveg Sognefjellet med mange flotte vandreturar. På andre sida av Lustrafjorden finn du Feigefossen, Munthehuset, N.H.Lerums Saftfabrikk på Sørheim og Urnes Stavkyrkje. Innover fjorden mot Luster kan du reise innom Lustrabadet i Gaupne eller reise til Jostedalen for Juving, Rafting eller Brevandring. 

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Viki Fjordcamping

Senest besøgte sider