Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Nordfjord Stryn

Via Ferrata Loen

  • Loen Active, Stryn
  • +47 57875800
  •  /  km From You
Overview
Details

Synes du dei bratte fjellsidene i Nordfjord er imponerande å sjå på? Imponer deg sjølv. Klyv til topps på Hoven i Loen! 

Å henge midt oppe i ei bratt fjellside, høgt over fjorden, er ikkje noko du gjer kvar dag. Ein skulle tru det var både strevsamt og farleg, men takka vere ein tilrettelagd klatresti mot toppen av Hoven (1011 m.o.h.), kan dei fleste klare Via Ferrata-løypa ("jernsti" på italiensk) i Loen. Guiden er med deg heile vegen, og med klatresele festa til solide virer, dett du ikkje ned. Og godt er det. For fallhøgda er like stor som utsikta. 

Etter turen opp kjem du deg enkelt ned til Loen igjen med den nye Loen Skylift. Dette gjer returen både enkel og spektakulær. Pakkepris tilgjengeleg for dei som går guida tur i Via Ferrata Loen. 

Gjølmunnebrua, den lengste i Europa
Etter å ha klatra ca 750 høgdemeter kjem du til Gjølmunnebrua som går over det 160 meter djupe jølet er 120 meter lang. Dette er den lengste Via Ferrata brua i Europa, og vart opna i august 2013. Turen over vil definitivt gje deg sommarfuglar i magen. Brua ligg på 750 m.o.h.

Tors hammar
Sommaren 2018 opna ei alternativ kort rute i kategori E. Denne ligg i toppen av Tungejølet og er ca 200 meter lang. 

NY 2019: Ekstremrute til Hoven
Våren 2019 opna den nye ekstrem-ruta i Via Ferrata Loen. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata anlegga i Europa, inkludert den vanskelegaste ruta i landet. Det nye spektakulære ruta går vest for den klassiske ruta, og er vedvarande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og utholdenhet, og dei som skal gå den bør ideelt sett ha klatra grad E tidlegare, som Tors Hammar. Aldersgrense i eksremruta er 14 år (i følge med ein vaksen). 

Fakta Via Ferrata Loen:
Anleggsveg frå Alexandra marina til 170 m.o.h.
Sti i bratt terreng frå 170 m.o.h. til 440 m.o.h.
Gangtid sti: 1-1,5 time
Innsteg Via Ferrata 440 m.o.h.
Gjølmunnebrua 750 m.o.h.
Gjølmunnebrua (lengd) 120 m.
Gjørmunnestrengen wirebru (lengd) 36 m.
Klatremeter 950 m.
Wirelengde 850 m.
Utgang Via Ferrata 880 - 900 m.o.h.
Høgd Hoven 1011 m.o.h.

All ferdsel i området skjer på eige ansvar.

Book guida tur gjennom Loen Active. Guida tur i Via Ferrata Loen, inkludert sikringsutstyr og retur med Loen Skylift: NOK 1345,- (2019)

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Aldersgrænse
  • 12 år
Sværhedsgrad
  • Ekspert
Terræn
  • Fjeldområde
Sæson
  • Efterår
  • Forår
  • Sommer

Udendørs aktiviteter

Aktiviteter
  • Klatring
  • Guidede ture
Vandring
  • Dagsture (5-11 timer)

Aktiviteter

Aktiviteter
  • Klatring
Pris
NOK 1345,- p.p. inkl. guide, sikringsutstyr og retur med Loen Skylift.

Price

Description Price*
Pr.person Guida tur inkl. Loen Skylift (2019) 1345,00 Guiding
* Price from

Facts

Effort Level
Expert
Duration
6 timer
Landscape
Mountain area
Season
Autumn
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages