Tokke
25
Vest-Telemark museum Eidsborg
Children's play area
Conference facilities
Family friendly
Free Parking
Restaurant/cafe
Access for wheelchairs
Adapted for disabled
Family
Group price/discount
Group
Guide dogs are welcome
Handicap friendly
Toilet for disabled persons
Culture path
Farm work
Forest hiking
Guided trips
Guiding
Hiking
Historical walk
Nature trail
Family friendly
Free wifi
Outdoor parking - free
Parking for motor coaches
Parking - free
Parking
Pets not allowed
Wifi
Christmas food
Dinner
Fully licenced
Garden
Local dishes
Local food
Lunch
Norwegian cuisine
Outdoors
Pizza
Traditional food
Traditional food
Vegatrian food
Arts and crafts
Family friendly
Jewellery
Playground
Souveniers shops
Toys
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.
Vest-Telemark museum Eidsborg byr på eit moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og eit av verdas eldste trebygg, Stålekleivloftet frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet. Museet er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.
Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 450 like ved Eidsborg stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.
I museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.
På museumsorådet ligg ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen og ein husmannsplass med ulike handverksaktivitetar. Her er det ope mellom 15.juni og 15.august.
I museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistorie og folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har òg flotte og varierte temporære utstillingar.
Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som og fortel om alternativ rein energiproduksjon.
Les også: Krafta som endra Vest-Telemark
Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var transportåra, og Eidsborgbryne vart tidleg ein viktig del av Nordsjøhandelen og vert rekna som vår fyrste eksportartikkel.
Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk eller lyfte fram særskilde tema. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på cirka 150 kvadratmeter, der me årleg presenterer nye utstillingar.
Mat:
Vår kafé er open kvar dag i hovudsesongen, resten av året tar me i mot grupper på bestilling. Me serverar tradisjonelle rettar og meir moderne mat, alt laga på vårt kjøkken. Ynskjer du å ha selskap, konferansar, møter eller kurs har me gode lokale til fornuftige prisar. Me leverar også mat for catering.
Les meir om kafeen her
Turmogelegheiter:
Er du glad i å gå tur, og kanskje vil lære litt historie i tillegg? Frå tunet på VTM Eidsborg er det fleire tilrettelagte turar som er tilpassa din form og kondisjon.
Les meir her om bl.a.
Brynesteinvandring
Rui-plassen
I tuna våre kan du lære om byggjeskikken til Vest-Telemark,og me har både rikmannsstoger og husmannstoger. Særskild har lafteteknikken vore dominerande her, og om du vil kan du sjølv få prøve deg! Me har laftesett der barn og vaksne kan byggje sine lafta hus, med rominndeling, døropningar og vindauge.
Velkomen til Eidsborg!
Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: booking@vtm.no Tlf: 35069090
Last updated: 09/21/2023
Source: Vest Telemark
Vest-Telemark museum Eidsborg