Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Loen

Vandrestiar på Hoven (1011 m.) | Loen Skylift

Loen Skylift løftar deg frå fjorden til høgfjellet på 1011 m. Her kan du vandre på tilrettelagde og skilta turstiar med utsikt over fjordlandskapet. Gå på eiga hand, eller ta med guide frå Loen Active. 

Frå Hoven har du eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven. Arbeidet med å forbetre og tilrettelegge desse er godt i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Alle stiane vert skilta og merka etter internasjonal standard. Stiane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng.

EKSEMPEL PÅ TURAR FRÅ HOVEN
Gjølrunden 2,2 km / 120 høgdemeter
Enkel rundtur. Godt tilrettelagd med trapper i naturstein. Kupert med nokre korte bratte parti. Kom nær inn på spektakulær og dramatisk natur, med panorama mot fjell, bre og fjord. Høgste punkt er på 1120 moh. Frå dette punktet har ei fantastisk utsikt til fjorden i vest og mot Jostedalsbreen i sør. Krydra med eit 360-graders panorama av fjell og dalfører. Vidare mot vest kjem ein inn på tursti mot Skredfjellet, og kan returnere til Hoven eller gå vidare mot Skredfjellet.

Skredfjellet - 2 km ein veg / 155 høgdemeter
Enkel tur som er godt tilrettelagd med grus. Nokre bratte parti, men det er mulig å trille barnevogn. Mot slutten av turen er det mindre kupert og med fleire flate parti. Flott utsikt mot fjorden i sør, og Strynedalføret og fjellheimen i nord. Vardane viser veg. Utsikt og panorama blir berre betre dess nærare ein kjem målet for turen.

Rundtur Skredfjellet - 7,9 km / 500 høgdemeter
Middels vanskegrad. Varierande dekke, grus, steintrapper, høgfjells-sti og veg. Kom deg litt lenger ut i fjellheimen - over Skredfjellet (som turen over), via Nøkketjønn og tilbake til Hoven på grusveg. Bortetter ryggen får ein panorama mot fjell, fjord og bre. Ein passerar vardar som viser veg, bekkar, små tjønner og fine utsiktspunkt som innbyr til ein rast. Før ein vender tilbake mot Hoven passerar ein Oppheimssetra.

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Vandrestiar på Hoven (1011 m.) | Loen Skylift

Senest besøgte sider