Skip to main content
Unknown Component
civid: 585d8282ff94e0619794c81a
name: plugins_common_social_share (widget)

Ullensvang

Våhaug - Tostøl

Fottur til idylliske Tostøl med flott utsikt på turen

Startpunkt

4,1 km nord for Herand kai tek du av mot aust frå veg 550, på ein skogsbilveg litt sør for det høgste punktet på vegen (Åsleite). Det står ei infotavle der. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Ved enden av vegen er det god parkeringsplass (Våhaug). Parkering på eige ansvar.


Om turen

Ved parkeringsplassen er det ei infotavle. Gå ca. 50 m til ei bru. Her er det skilta til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå over brua i retning Tostøl. Stien er forholdsvis lett å gå, men med ein del små kneiker. På blaute parti er det er lagt steinar til å trø på. .Etter kort tid kjem du til stikryss med skilting til Tostøl og Såta. Gå mot Tostøl. Etter ca.1 time kjem du øvst i Saurdalen, til eit stikryss med skilting til Vatnasetenuten og Tostøl. Gå mot Tostøl. Etter kort tid kjem du ned til Samdalsstølen med Viddalsvatnet nedanfor. Du er framme ved Tostøl etter om lag ein halv time.


Parkering: Våhaug, sjå info under "startpunkt"

Pakreringsavgift: gratis, men bomveg for å køyre opp til Våhaug

Lengde: 4,9 km

Total gangtid: 4t 30 min

Sesong:  Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi skogsbilvegen ikkje er brøytt, og du må derfor gå frå hovudvegen

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels 

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Våhaug - Tostøl

Senest besøgte sider