Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Geiranger

Union Bad & Spa

Union Bad & Spa er eit av Noregs beste spa. Her får du 1500 kvadratmeter med velvære kombinert med flott utsikt over Geirangerfjorden.

Unn deg ei velgjerande stund i den flotte spaavdelinga. Her kan du finne ro og samle energi.

Union Bad

Inne i bassengavdelinga finn du eit stort oppvarma basseng, eit flott område med liggestolar og sitjegrupper, peis, sauna og barnebasseng.

Ute i hotellhagen finn du eit oppvarma terapibasseng. Her er det godt å vere både på ein varm sommardag og på ein kald vinterdag under den lysande stjernehimmelen. Alle gjester som bur på hotellet, har fri inngang til Union Bad.

Union Spa

Union Spa er eit av Noregs beste spa, med store avslappingssoner der du kan lene deg tilbake og nyte den flotte utsikta, ein kopp te eller ei god bok. I våtromsavdelinga finn du mellom anna opplevingsdusjar, ulike saunaer, fotbad og japansk varmebad. Inkludert i inngangsbilletten får du mellom klokka 10 og 12 tilgang til spafrukost, ein enkel kontinental frukost med gode lokale produkt. I tillegg kan du forsyne deg med frukt, kaffi og te under heile spabesøket.

Spabehandlingar

Hotellet har dyktige terapeutar og tilbyr ulike spabehandlingar, mellom anna massasje, hamam og hudpleie.

Saunaritual

Til faste tidspunkt tilbyr Union Spa saunaritual. Eit saunaritual er ei spesiell oppleving der terapeuten bruker eteriske oljar og lagar varm damp i rommet. Dette ritualet vil setje i gang ei reinsing av kropp og sjel og dessutan auke blodsirkulasjonen. Ritualet varer i 15 minutt og er inkludert i inngangsbilletten til spaet.

Yoga

Hotel Union har eigen yogainstruktør og tilbyr faste yogatimar. Yogalokalet ligg i tårnet i 5. etasje på hotellet og har panoramautsikt over Geirangerfjorden og fjella rundt hotellet.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Union Bad & Spa

Senest besøgte sider