Så er der åbent for de fleste danskere! Se den seneste information om coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet SKJÅK

Turtips: Tverrådalskyrkja (2088 m.o.h.) frå Sota sæter

  • Sotvegen 1279, Skjåk
  • +47 47815977
  •  /  km From You
Overview

FOTTUR TIL TVERRÅDALSKYRKJA (2088 m.o.h): Luftig og majestetisk topp i Breheimen nasjonalpark.

Tverrådalskyrkja blir kalla "dronninga av Breheimen". 

Stad: Sota sæter i Skjåk kommune.
Beste utgangspunkt: Sota sæter, DNT-hytte. 
Lengde: Ca. 21 km tur-retur
Tid: 7 - 9  timar tur retur.
Stigning: Ca. 1300 høgdemeter frå Sota sæter
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Ver obs på: Kort passasje på bre. Bratt og dårleg merka oppover ryggen til toppunktet. Lause steinar.

Tverrådalskyrkja er ein majestetisk 2000-meterstopp i Breheimen nasjonalpark, og den høgaste "fjellkyrkja" i landet. Toppen er tilgjengeleg som dagstur frå Sota sæter, kor du også kan få med deg ein lokalkjent guide på turen. 

Det naturlege startpunktet er 745 meter over havet ved DNT-hytta Sota sæter i Skjåk kommune. Det er bilveg heilt fram til Sota Sæter. Ta av rv15 ved Dønfoss Bru og følg skilting mot Sota Sæter (27 km). Bomautomat i Bråtå, 13 km før Sota.

Frå parkeringsplassen følger du vegen ca. 100 meter og tek opp til venstre på merka sti mot Nørstedalseter. Den fyrst delen av turen er godt merka med raude T'ar og tydelege varder. Etter ca. 20 minutters gange deler stien seg midt i skogen. Da tek du til høgre skrått oppover mot skaret i Tverrådalen - mot Fortumdalsbreen. Etter kvart flatar stigen ut og du kjem opp i meir ope terreng og ser tre toppar framfor deg. Dette er Tundradalskyrkja til venstre, Nilskollen i midten, og delar av Tverrådalskyrkja til høgre.

Du skal ikkje opp på den fyrste ryggen du ser, men fortsette på stien innover dalen heilt til du kjem til Fortundalsbreen. Stigen går opp i ei lita kneik til venstre før du kjem inn i Steindalen. Her er det mykje stein, men greit å gå på godt merka sti. Kryss elva der det er naturleg. Merkinga går også over elva, der du ganske lett kjem deg over frå stein til stein. 

Etter kvart kjem du fram til breen og eit lite brevatn rett framfor deg. Her er det eit treskilt som viser vegen vidare mot Nørstedalsseter, men her må du navigere på eigehand vidare, utan å gå på merka sti! Det fyrste du gjer, er å passere det vesle brevatnet på høgre side, altså på vestsida. Her kjem du inn på breen, og følger den ca. 4-500 meter oppover. Unngå bretunga som kjem ned i skaret til høgre for deg da denne har fleire tversgåande sprekker og heller ikkje er ein smart "snarveg". Du skal ta rett opp til høgre i steinura der ryggen av Tverrådalskyrkja går som ei tunge ned mot breen. Sjekk kartet! Her er det ikkje særleg godt merka og ikkje heilt tydeleg kvar du skal gå. Det beste tipset er difor å følge ryggen mest mogleg rett opp (evt. bittelitt til venstre) oppover.

Dette kan virke som ei "evigvarande" steinrøys kor du berre skimtar toppen framfor deg. Etter omlag ein times gange vil du kome opp til varden på toppunktet, 2088 meter over havet. Og det er berre å glede seg, for det er verdt heile turen i steinura! 

Tverrådalskyrkja ligg omkransa av høge toppar på alle kantar, men grunna si frittliggjande plassering får du formidabel utsikt. 

Om ein ynskjer ei ekstra lita utfordring kan ein ta turen bortom nabotoppane til Tverrådalskyrkja. Her ligg det to 2000-meterstoppar på rad. Passasjen ut hit er svært luftig, og steinene er tidvis lause. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages