Så er der åbent for de fleste danskere! Se den seneste information om coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Turtips: Skimhytta - fottur frå sentrum

  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Skimhytta er eit lett tilgjengeleg turmål frå Lom sentrum, og passar godt for småbarnsfamiliar.

Skimhytta er eit lett tilgjengeleg turmål frå Lom sentrum. Denne fotturen går i lett terreng og er fin også for familiar med små born. 

Startpunkt: Lom sentrum eller P-plass ved Tronoddbrua
Km (éin veg): Frå sentrum: 2,8 km / Frå Tronoddbrua: 1,2 km
Tid (éin veg): Frå sentrum: ca. 30-45 min / Frå Tronoddbrua: ca. 20-30 min

Turen bort til Skimhytta er ein velkjend, og mykje gått, nærtur for lokalbefolkninga i Lom. Dette er ein lett tilgjengelig tur som går langs vatnet Skim, på motsett side for Lom sentrum. Stigen er godt merka og godt opparbeida, så dette er ein fin tur for folk i alle aldre - også for familiar med små born.  

Frå sentrum: Start turen frå Norsk Fjellsenter, og fylg skilting mot Tronoberget. Etter å ha gått over Utleggsbrua, fylgjer du grusvegen som går langs elva til du møter på bilvegen. Fylg så denne over Tronoddbrua, der du vil finne startpunktet for turen. 
Alternativt: Ein kan køyre bil, eller sykle, til parkeringsplassen ved Tronoddbrua og starte turen frå her.

Etter 1,2 km frå startpunktet ved Tronoddbrua kjem ein fram til Skimhytta. Dette er ei grillhytte som er ope for alle, men ein må sjølv ta med ved til å fyre opp og sjølvsagt ta med seg søppel heim att. 
Nede ved vatnet er det fint å bade og slappe av, og du har flott utsikt mot Læshøe, Lomseggen og Skjåk. 

Frå Skimhytta kan ein også fylgje stigen vidare mot Staurustberget (i retning Skjåk), om ein ynskjer ein lengre tur. 

 

God tur! 

​​​​​​
​​​​​


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages