Så er der åbent for de fleste danskere! Se den seneste information om coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Turtips: Læshøe - fottur frå sentrum

  • Sognefjellsvegen 17, Sognefjellsvegen 17, Lom
  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og Læshø er ein populær fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Læshøe er ein lett tilgjengeleg fjelltopp du kan gå på frå Lom sentrum. Stigen er godt merka, og på toppen får du ei fantastisk utsikt på ein finvêrsdag! Det høgaste punktet ligg på 1216 m.o.h.

Turen Lom – Skutlan – Læshø (1204 moh.) er 4,9 km (ein veg) og tek rundt 4 timar, tur/retur. Frå her kan du sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå toppen på Læshøe kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.

Sjå kart og meir informasjon her! 

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark).

Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.). Dette er kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan. Her får du både ny kunnskap og opplysningar på totalt 16 informasjonsskilt som er satt opp langs stien. 

I stigkrysset på Skutlan kan du følge stigen mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.

Alternativ rute: Du kan også gå på Læshøe frå baksida. Da må du køyre ca. 8 km sørover langs Rv. 15, før du tek av på vegen mot Meadalen og Soleggen. Parker ved Soleggen Fjellstue og fylg skilting frå der. 

OBS: Snø og is kan gjere turen vanskeleg på vinterstid.
 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages