Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Turtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring

Bordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

Bordvassvegen er ei kulturvandring der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia rundt vatningskulturen i Lom.

Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste. Turen startar og sluttar ved Norsk fjellsenter. Dette er ein relativt lettgått rundtur på totalt 8 km. 

Ruta til Bordvassvegen er merka med raude merke frå Norsk fjellsenter i Lom sentrum. Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak fjellsenteret. Legg gjerne turen innom friluftsmuseet Lom bygdamuseum på veg til Bordvassvegen. Her finn du 22 verneverdige bygningar.

Du kan følge rutebeskrivelse for ruta til Lomseggen (gul merking) til den skil lag med ruta for Bordvassvegen. Vidare følgjer du raud merking for å gå langs Bordvassvegen. Frå Bordvassvegen kan du fylgje vatnet ned til Nordgard Aukrust (bio-dynamisk sidan 1986), med hagar til glede og nytte.

Treningstur i Lom sentrum:
Bordvassvegen er ein fin runde om du ynskjer deg ein joggetur på anten ca. 4 eller 8 km., ein skogstur i relativt lettgått terreng, eller du vil ta med deg heile famlien på rusletur. Stien er godt merka heile vegen, og du har fleire alternative ruter undervegs, mellom anna mot Lomseggen. 

Bordvassvegen går gjennom Andvords-trædet der det er dyr i inngjerda beitemark om sommaren. Dersom du vil omgå beitedyra fylgjer du gul merking ovanfor trædet fram til du møter fyrste skogsvegen. Her går du nedover vegen til venstre og du møter att Bordvassvegen berre nokre meter ned i bakken. 

Kart over Bergomsrunda

Unikt vatningssystem:
”Gje Vårherre sol, ska oss sjølve skaffe væte”, heiter det i ottadalsbygdene. Ottadalen er svært nedbørsfattig. Årsnedbøren i Lom og Skjåk er mange stader berre 300 mm., og jordbruk utan kunstig vatning er utenkjeleg. Det er berre takk vera eit gamalt og innvikla vatningssystem at det har vore råd å drive jordbruk frå gamalt av i området. Det er utvikla eit vatnings-system som er eineståande i europeisk samanheng.

Når snøsmeltinga er over, turkar mange bekker inn. Ved å grave vassvegar - kanalar frå fjellet -, frå brekanten eller frå ei tepping (kunstig dam der smeltevatnet vart lagra) greidde ein å skaffe vatn til turr åker og mark i dalbotnen. I Lom er det registrert 68 vassvegar og teppingar. Stuttaste vassvegen er snautt 300 m lang, den lengste 20 km. Samla lengd på hovudanlegga i Lom er 230 km, attåt kjem forgreiningar på kvar gard.

I grannebygda Skjåk er det registrert ca. 300 km vassvegar. Dei fleste vassvegane forsyner heile grender, fåe går berre til ein gard.

Last updated: 08/30/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Turtips: Bordvassvegen i Lom - kulturvandring

Senest besøgte sider