Arnavik
Tursti til Sydnessåta
All Year
Easy
Medium
Glacier hiking
Marked trails
Short hikes (1-4 hours)
Fakta
Sværhedsgrad: Middel
Varighed: 3 timer, 4 timer
Turen til Sydnessåta er litt bratt mot slutten, men utsikta er desto betre!
Halsnøy, Fatland
TurkartFritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Start-og sluttpunktP-plass ved Gilo på Fatland. Merka med skilt frå hovudvegen.
ParkeringKøyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes.
Etter passering av båthamna i Arnavik, er det om lag ein kilometer til skilt som viser avkøyring til venstre frå hovudvegen. 100 meter til P-plass.
MerkingInformasjonstavle ved P-plass. Skilta og T-merka.
GraderingBlå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad60 - 232 moh.
Tidsbruk2.5 timar t/r. 3.5 timar dersom ein går rundløypa, sjå kart.
Gode rådNokre våte parti. Rundtur om Fatlandsvatnet kan anbefalast.
TuromtaleFrå P-plass følg skilting 100 meter mot høgre bak lita husklyngje til stien søraustover mot Sydnessåta. Bratt oppstigning siste 80 høgdemeter mot toppen. Rundt toppen ligg ei gravrøys frå folkevandringstida. Så kan ein då undrast kven som vart gravlagd der oppe på den markerte toppen i 234 meters høgde for meir enn 1500 år sidan.
Viss du vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan du gå ned den merka stien på austsida av toppen, og rundt til venstre til skilt mot Iglatjørn. Følg denne ruta til skogsveg øverst i Lóndalen. Følg skogsvegen ned mot Fatlandsvatnet, og merking vidare rundt nordenden av vatnet og attende til P-plassen. Fleire kulturdetaljar med informasjon undervegs. Sjå kartet.
Last updated: 01/29/2024
Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Tursti til Sydnessåta