Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Valen

Tursti til Mjelkhaug frå Valen

Ta turen til Mjelkhaug - frå toppen er det vid utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet, fjorden, Manen, Englafjell, Rosendalsfjella og Ulvanoso.

Stad

Valen.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Søsterheimen Valen sjukehus.  

Parkering

Køyr inn på sjukehusområdet frå riksvegen og følg skilting 300 meter opp til Søsterheimen.  

Merking

T-merka og skilta. Informasjonstavle ved start.

Gradering

Raud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.  

Høgdeskilnad

80 – 1005 moh.

Tidsbruk

5 timar t/r.

Gode råd

Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Returen kan ein ta ned til Helland, eller over Svaneheia og tilbake via Nordfjell eller Olderbotn. Turomtale Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen 200 m til vegdele. Derfrå kan ein gå til Vardhaugselet via Nordfjell eller om Olderbotn. Ruta om Nordfjell går opp skogsvegen til venstre, som etter ca. 1 km går over i sti til Kokkelberg og Nordfjell. Ruta via Olderbotn følgjer skogsvegen rett fram og går etter kvart over i dårleg veg og sti 1,5 km til hytta i Olderbotn 400 moh. Den opne hytta er ein fin kvileplass med flott utsikt. Lett vandring opp til skoggrensa og innover i flatare lende til Vardhaugselet. Ein reknar med at dei solide selmurane vart oppsette ca. 1860, og at det var stølsdrift her fram til 1905. Restaureringa er gjort av "Interesselaget for Vardhaugselet", og selet er no ope for alle heile året. Frå Vardhaugselet bratt bakke opp til Vardhaugen 775 moh. Deretter lett terreng innover til foten av Mjelkhaug.

Frå toppen er det vid utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord, og Ulvanoso mot aust.

Last updated: 02/02/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti til Mjelkhaug frå Valen

Senest besøgte sider