Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Uskedalen

Tursti til Dønhaug, rundtur frå båthavna

Dette er ein koseleg rundttur der du vert kjend med Uskedalsbygda. På turen passerar du beitande dyr og gamal, karakteristisk busetnad, og du kan stoppe ved badestranda og ta eit bad ein varm sommardag.

Stad

Uskedalen.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start

Uskedal Båthamn.

Parkering

Ved Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.

Merking

Inga merking langs vegen. Skilt der det er nødvendig.

Gradering

Grøn. Lett fottur. Store deler av traseen kan nyttast for barnevogn eller med motorisert rullestol.

Høgdeskilnad

0 – 50 moh.

Tidsbruk

1 time.

Gode råd

Alternativ tilkomst til turvegen kan vera ved bensinstasjonen, campingplassen, Sparbutikken eller Uskedal skule. Det er bratt for rullestol og barnevogn opp frå Kjærlandsvegen til Dønhaug. Alternativt vegval her er å ta av til Dønhaug gardsbarnehage og bruka vegen som går på oppsida av gardsløa. Ver forsiktig ved kryssing av Rv 48.

Turomtale

Følg skilting frå båthamna. Lett turveg der ein går forbi badestrand, beitande dyr og gamal karakteristisk busetnad. Frå Dønhaug har ein stor og vid utsikt over bygda, Storsund, Skorpo og Hardangerfjorden. Ein tur for å bli kjent med Uskedalsbygda og naturen rundt.

Last updated: 09/11/2023

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti til Dønhaug, rundtur frå båthavna

Senest besøgte sider