Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Kinn

Tre øyer på ein dag - Skorpa - Reksta og Kinn

Reis på øyhopping til øyane utanfor Florø! Her kan du få med deg tre heilt forskjellige øyer på ein dag!

Tre øyer på ein dag – Skorpa – Reksta - Kinn

(turane gjeld mellom 21.juni og 6.august, om du ynskjer alternativ utanfor sesongen er det berre å ta kontakt med Visit Fjordkysten!)

På denne turen er det mange fine turstiar. Det er og greit å ha med seg sykkel, spesielt på Skorpa og Reksta. 

Avreise frå Florø kl. 12.00 – ankomst Skorpa kl. 12.20

På Skorpa er det fint å berre rusle langs veien, her er det frodig og det er mykje ørn i området. Går du til endes austover kjem du til Skorpevatnet der det er fint å sitte for ein rast. Der er det laga terrasse med benkar og grill. Du kan låne kanoen som ligg ved vatnet og du finn redningsvestar i ei kasse. 

Snur du kan du gå heilt ut i uthamna på Esøya. Der er det eit lite hus på kaia med sitjeplassar. Går du litt forbi uthamna er det fin utsikt mot Kinn, Ytterøyane og Store-Batalden.

Beregn å vere tilbake på kaia i god tid før båten kjem.

Avreise frå Skorpa kl. 14.55 – ankomst Rognaldsvåg (Reksta) kl. 15.10

Ein liten stopp i Rognaldsvågen. Det er fint å gå forbi butikken og vidare ut til Rognsøya. Eit fint miljø med gamle sjøhus. Tilbake på butikken er det fint å sette seg ned med ein kopp kaffi og ein is.

Avreise frå Rognaldsvågen kl. 16.25 – ankomst Kinn kl. 16.35

Ein kort båttur over Kinnasundet og du er komen til Kinn. Kyrkja har vore stengt på grunn av renovering dei siste to åra, men i sommar vil den vere open for publikum og det vil vere vertskap der ute. Det er mogleg å kjøpe kaffe og vaffel, ta med kontantar då det er dårleg dekning der ute.

Her ute har du fleire muligheter:

1. Gå til venstre når du kjem frå kaia og gå sørsida av øya først. Derifrå over Høyskaret. Om du vil så kan du her gå opp på Inste Stauren, om du ikkje har høgdeskrekk. Frå Høyskaret går du til kyrkja.

2. Gå først til kyrkja og bruk den tida du treng der, og gå så vidare rundt øya, kanskje du ynskjer å gå opp i Kinnaklova?

3. Etter nokre hundre meter frå kaia går stien opp til Kinnafjellet, 315 moh. Det er ein fin tur men noko bratt i starten. Ei fantastisk utsikt ventar på toppen.

Husk å være tilbake på kaia i god tid før båten går. Alle stoppa er ringerute så det er viktig at du ringer båten før den går frå Florø for at du skal bli henta på øyene. Kom innom turistinformasjonen så kan vi hjelpe deg, eller du snakkar med mannskapet når du reiser ut. 

Frå Kinn kl. 20.35 ankomst Florø kl. 21.45


Last updated: 10/04/2021

Source: Visit FjordKysten

Tre øyer på ein dag - Skorpa - Reksta og Kinn

Senest besøgte sider