Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

HELLESYLT

Toppturkurs Sunnmøre

Book
Toppturkurs Sunnmøre

Lær det grunnleggande som trengs for å ferdast med randonee utstyr i fjellet.

Ønsker du å lære meir om topptur på ski? Her lærer du det grunnleggande som trengs for å ferdast med topptur/randonee utstyr i fjellet. Vi har fokus på bruk av utstyr, veivalg, teknikk og sikkerheit. På kurset er det lokale og sertifiserte naturguidar som gjer sitt beste for å gi deg ei trygg og god oppleving. For å delta på dette kurset trenger ein ikkje å ha gått på topptur før, men bør kunne gå/stå grunnleggande på ski. Perfekt for nybegynnere eller deg som ønsker profesjonell instruksjon!

Hellesylt ligg i Sunnmørsalpane ved enden av Geirangerfjorden. Dette er eit perfekt utgangspunkt for topptur på ski, da ein både har tilgang til dei bratte tindane rundt Hjørundfjorden, pudderkjøring på Stranda og litt snillare terreng i Hornindal. Alt innen 30 minutt med køyring. På Hellesylt har vi ein basecamp som er eit perfekt utgangspunkt for våre kurs og turar. Her kan ein tilpasse utstyr, ha teori eller slappe av med ein kopp kaffe. 

 

Dette lærer du

-Bruk av topptur/randonee utstyr

-Trygg og sikker ferdsel

-Grunnleggande teknikk - oppover og nedover

-Enkel innføring i skredlære/teori

-Og garantert mykje meir!

 

Program

Første dagen møtes vi på Fjord Nature basecamp Hellesylt klokka 10.00. Her blir det rask teoriøkt der vi får introdusert utstyret og dei som skal leie utstyr for  Turen går i enkelt terreng der vi har har overskudd til å gjennomføre øvelser og læring. Vi legg opp til lunsj midt på dagen. Vi avslutter på basecampen, ca kl 16.00.

Den andre dagen starter innendørs på Fjord Nature basecamp Hellesylt klokka 10.00. Det blir ei teoriøkt før vi går ut på dagens topptur. I dag blir det meir praktisk med at vi gjennomfører ein topptur samtidig som vi går gjennom prinsippa vi lærte i går. Her får alle trent seg i praksis, og det blir mulighet for å trene seg på å være den som går først og tar avgjørelse for sporvalg når vi går. Vi har lunsj ute på tur og er ferdig rundt klokka 16.00. Etter dette blir det ei kort samling på Fjord Nature basecamp før vi takker for eit flott kurs. 

Last updated: 11/08/2023

Source: Ålesund & Sunnmøre

Toppturkurs Sunnmøre

Book

Senest besøgte sider