Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Sykkelutleige i Skjolden

Sykkelutleige i Skjolden med Adventure Tours. Skjolden er eit godt utgangspunkt for å utforske fleire attraksjonar på sykkel. «Den romantiske vegen» ut mot Ornes for å besøke Urnes Stavkyrkje.

Kva med å sykle inn i Fortunsdalen for å besøke Fuglesteg fjellgard? Adventure Tours tilbyr også fleire guida sykkel- og fjellturar i området rundt Skjolden og Breheimen nasjonalpark. Ei av dei mest populære rutene går inn mot Mørkridsdalen, som har eit eventyrleg natur- og kulturlandskap. Bli med på ein av turane våre; opplev landskapet og høyr guiden fortelje om utviklinga frå naturhushald til nasjonalpark i denne dalen. Drivandefossen, Bølifossen, Osen og Dulsete er kjende stader ein kan vitje. Desse turane kan også kombinerast med fjellfiske ved eit av dei mange fiskeområda i dalen.

For nærare turbeskrivingar og informasjon, besøk adventuretours.no.


Last updated: 03/26/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Sykkelutleige i Skjolden

Senest besøgte sider