Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)
VÆRLANDET

Sykkeltur Værlandet og Bulandet

Sykkeltur Værlandet og Bulandet
Sykkeltur Værlandet og Bulandet
Sykkel Bulandet - Værlandet
Sykkel Bulandet - Værlandet

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav.

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav. Vegen er på om lag 10,8 km, frå fergekaia på Værlandet til kaia i Bulandet.

Kor ligg Værlandet og Bulandet?

Værlandet og Bulandet ligg vest i havet i Askvoll kommune. Det er om lag to timar reisetid frå Førde til Værlandet og Bulandet, og 3-4 timars reise frå Bergen til Værlandet og Bulandet. Du må ta ferga som går frå Askvoll eller Fure til Værlandet. Det er også mogleg å reise med ekspressbåten til Norled som har daglege avganger frå Bergen eller Selje til Askvoll. Frå Askvoll tar du ferga som går ut til Værlandet. På kaia kan du leige deg sykkel hos Joker Værlandet.

Øyhopping med postbåten Solund, Bulandet og Værlandet

Om sommaren kan du vere med på øyhopping med postbåten i frå Solund til Bulandet og Værlandet. Les meir om den her

Kan eg leige sykkel der ute?

Du kan leige deg sykkel på joker butikken på Værlandet, og i Bulandet. Her kan du også velge om du ønskjer å sykle tur, eller tur/retur. Hent sykkelen du ønskjer å leige hos enten Joker Værlandet eller Joker Bulandet og utforske øysamfunna frå sykkelsetet. Når du er fornøgd med dagen kan du enten levere sykkelen inn att hos Joker Værlandet, eller hos Joker Bulandet, uavhengig av kor du plukka den opp.

Kontaktinformasjon Joker Værlandet

Tel 577 30 120

Kontaktinformasjon Joker Bulandet

Tel 577 32 144

Nokre få opplevingar som er verdt å få med seg

Hamnaholmen på Værlandet - nyt ein god kopp kaffi før du syklar vidare

Nordsjøløypa og klettane på Værlandet

Bulandet Temapark

Halsøyhågen, utsiktspunkt i Bulandet

Skulptur på Hillersøyhågen i Bulandet

Kamskjell Myrvågen; rasteplass og badeplass

Gjørøylykta

Meir informasjon om Værlandet og Bulandet finn du her

Kilde: Visit FjordKysten

Sykkeltur Værlandet og Bulandet

Senest besøgte sider