Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Uskedalen

Sykkelrute i Uskedalen

Ein sykkeltur rundt Uskedalen er ein tur i skiftande landskap!

Turen ta deg frå det rolege og flate landskapet på flatene nede ved fjorden og vidare skiftar dalen karakter når du kjem oppover, til frodig jordbruksbygd og vidare med meir dramatisk landskap med Ulvanosa ragande over dalen med sine glattskurte sider.

Der er to vegar som går oppover Uskedalen. Dei møtest på Haugland og går vidare som ein veg heilt opp til Friheim og Fjellandsbøvatnet. Frå Uskedalen sentrum syklar du opp på Kjærlandssida, vidare til Haugland der vegane møtest. Vidare går vegen forbi Haugland gamle skule som er museum. Her kan du få omvisning etter avtale med kulturkontoret i Kvinnherad kommune.

Vidare smalnar dalen og vegen går forbi Friheim som er øvste garden i Uskedalen. Her held Friheim gardsmat til. Dei lagar ulike kjøttprodukt og har utsalg på garden.  Syklar du forbi Friheim kjem ein inn mot Fjellandsbøvatnet. Dette er eit flott område.

NB: Her kan det gå storfe på beite!

Returen tilbake til sentrum går same veg tilbake til Haugland for så å ta den venstre sida av dalen ned til hovudvegen att.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Sykkelrute i Uskedalen

Senest besøgte sider