Norge åbner op! Se den seneste information om coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SUNNFJORD

Sykkelrute - Førde - Sundsdalen - Førde

  • +47 57721955
  •  /  km From You
Overview

Frå sentrum av Førde by tek denne ruta deg langs sykkelveg til Sunde der du tek av mot Sundsdalen. Her startar stigninga, og nokre tøffe, svingete høgdemeter ventar før du er ferdig med stigningane og landskapet opnar seg opp. Oppe kan du nyte utsynet over Digernesvatnet som ligg fint plassert med utsikt over skogar og fjell før du returnerer til Førde.

Frå sentrum av Førde by tek denne ruta deg langs sykkelveg til Sunde der du tek av mot Sundsdalen. Her startar stigninga, og nokre tøffe, svingete høgdemeter ventar før du er ferdig med stigningane og landskapet opnar seg opp. Oppe kan du nyte utsynet over Digernesvatnet som ligg fint plassert med utsikt over skogar og fjell før du returnerer til Førde.

Dette er ei innhaldsrik sykkelrute der du syklar frå by til land og får oppleve alt frå byliv til urørt natur, stille vatn og opne landskap.
Turen startar på gang- og sykkelveg i Førde sentrum. Ved utgangspunktet, i Førde sentrum, ligg fleire serveringsstadar der du starte eller
avslutte turen med ein kaffi eller eit betre måltid. I sentrum av Førde ligg også Sogn og Fjordane Kunstmuseum med kunstutstillingar og kafé med takterrasse og utsikt over byen.

Dei første kilometerane går forbi handelsenter, forretningar og bustadfelt, før landskapet gradvis går over i meir spreidd befolkning, store sletter og bratte fjell. Når du tar av frå E39 startar stigninga, og nokre tøffe, svingete høgdemeter ventar. I Sundsdalen får du løn for strevet, for her syklar du gjennom vakkert jordbrukslandskap med gardsliv og dyr som beiter, før det verkeleg opnar seg opp mot Digernesvatnet. Eit stort, nydeleg
vatn som ligg plassert mellom skogar og fjell. Her er det godt aurefiske, og ein perfekt stoppestad før du returnerer mot byen igjen.

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages