Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Ulvik

Sykkel - Rallarvegen

Book
Rallarvegen

Rallarvegen er eit kulturhistorisk minnesmerke. Frå vegen vil du heile tida ha kontakt med Bergensbanen, som vart opna i 1909. Ca. 80 km - sesong: 10/7 - 30/9

Rallarvegen Haugastøl-Flåm

Rallarvegen har fleire ganger blitt kåra til Norges vakraste sykkelveg. Vegen startar på Haugastøl og følger Bergensbana til Finse, Hallingskeid og Myrdal før den fortsetter langs Flåmsbanen til Flåm.

Vegen fører deg gjennom eit fantastisk høgfjellsområde frå 1000 m.o.h. opp til 1340 meters høgde og ned til hav nivå i Flåm.

Heile vegen er som oftest farbar i begynnelsen av Juli og sesongen varer til slutten av September.  Finse 1222 m.oh., er Norges høgstliggjande jernbanestasjon. På Finse ligg DNT Finsehytta, Finse 1222 og rallarmuseet. Vidare vestover har vegbana ein røff og grov overflate. 10 km vest for Finse ligg Fagernut voktarbustad. Her sel Rallarmuseet vaffel og sluskesuppe deler av sommaren. Ved Grjotrust voktarbustad, 1300 m.o.h. kryssar jernbanelinja i snøoverbygg, og ein må her syna stor varsemd. 21 km etter Finse, og 15 km før Myrdal vegkryss, ligg Hallingskeid, 1110 m.o.h. Her er sjølvbetjent DNT-hytte og jernbanestasjon. Vegen går etterkvart brattare nedover, omkransa av fossar og vakker vestlandsnatur. Ein må syna varsemd ved Klevagjelet der vegen går på ei smal fjellhylle, med usikra vegkant til stup ned i vill elv. Servering og overnatting : Vatnahalsen Hotel 812 m.o.h. Myrdal stasjon: Cafe Rallaren. Dei siste 20 km går ned Flåmsdalen som har ein imponerande vestlandsnatur og Nord-Europas brattaste jernbane. Høgdeforskjellen er på 865 m. I det øveste partiet er det 21 svingar, og her er det lurt å syna varsemd ved å gå av sykkelen.

Vel ned i Flåm finn du hotell, pensjonat, B & B,vandrarheim, camping, og hytter. Avstandar: Haugastøl-Finse = 26 km /Finse-Myrdal vegkryss = 36 km/Myrdal vegkryss - Flåm = 17 km/ Myrdal-Upsete tog/(5 min.) Upsete - Voss = 43 km. Overnatting/Servering langs rallarvegen: Haugastøl: Haugastøl Turistsenter tlf. 32 08 75 64 - sykkelutleige Finse: Finsehytta tlf. 56 52 67 32  Finse: 1222 - sykkelutleige tlf.56 52 71 00 Rallarvegrapport

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Sykkel - Rallarvegen

Book

Senest besøgte sider