Strynsvatn Camping og Feriehytter tilbyr ei idyllisk base ved vakre Strynsvatnet, med gode fasilitetar, variert overnatting og nærleik til spektakulære naturopplevingar året rundt.
Strynsvatn Camping er ein del av PlusCamp-kjeda og er klassifisert med fire stjerner av NHO Reiseliv.
Her finn du 35 utleigehytter, to sommarhus, ei fjellhytte, fem ferieleilegheiter og om lag 40 oppstillingsplassar for bubilar, campingvogner og telt. På plassen kan du leige båt og kano, spele volleyball, bade, grille ved vatnet og bruke leikeplassen og dei tre trampolinene. Det er også oppmerka tursti til seter, fjell og bre.
Strynsvatn Camping ligg nydeleg til med flott utsikt over Strynsvatnet. Her finn du ein perfekt base for å utforske området, med Stryn sentrum like i nærleiken. Her er det gode shoppingmoglegheiter, hyggelege pubar, smakfulle restaurantar, kino, symjehall og mykje meir.
Populære attraksjonar som Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Nasjonalparksenteret, Loen Skylift til Hoven, Via Ferrata i Loen, Stryn Sommerski, Hydlaparken, Geiranger og Vestkapp er berre nokre av opplevingane du kan få med deg. Stryn er også eit paradis for fjellvandrarar, med mange merka turstiar til fjelltoppar som Skåla, Storskredfjellet og Kyrkjenibba.
Strynsvatn Camping er open heile året, medan resepsjonsbygningen med butikk og kafé er open i sommarhalvåret. Personalet hjelper gjerne med innsjekk og utsjekk, eller med tips til attraksjonar og utflukter som passar for deg og reisefølgjet ditt.
Det er også eit gatekjøkken som held ope i høgsesongen og serverer kebab, hamburger med pommes frites og pølse i brød.
Strynsvatn Camping er ein familiedriven campingplass med lang tradisjon for god standard, service, kvalitet og gjestfridom – kort sagt «alt» som, saman med den spektakulære vestlandsnaturen, kan gi deg ei ferieoppleving du vil minnast. Her er alle velkomne!
Accessibility information
- Tilrettelagt for personer med nedsatt funksjonsevne
- Servicehund tillatt
How to get there
Vi ligg langs riksveg 15, 12 km aust for Stryn sentrum. Du finn lett fram via google maps.
Kilde: Nordfjord



