Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Sogndal

Sognefjorden

Kongen av Fjordene er Sognefjorden med sine 204 km strekkjer seg frå Solund i vest til Skjolden ved foten av nasjonalparkane Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen.

Sognefjorden er også den djupaste fjorden i Norge, med 1308 m.

Den mest kjende fjordarmen til Sognefjorden er den vakre Nærøyfjorden, som også står på UNESCO si verdsarvliste.

Du kan oppleve Sognefjorden heile året, både i båt, bil, fly og til fots.

Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Den mest kjende av desse fjordane er den smale Nærøyfjorden, som no er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Du kan vere med på ulike båtturar og oppleve fjordane heile året. Andre freistande fjordaktivitetar er kajakkpadling, fjordrafting, fisketurar, robåtturar, bading og mykje meir.

Vestnorsk fjordlandskap

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over kultur- og naturarv av eineståande og universelle verdi i 2005. Verdsarvverdiane I Nærøyfjordområdet er kort samanfatta: fjordlandskap med aktive geologiske prosessar, eit rikt dyre- og planteliv, og eit vakkert naturlandskap frå fjord til fjell med brear, skog, fossar og frittrennande elvar og eit kulturlandskap som gir naturlandskapet perspektiv. Nærøyfjorden - smal og dramatisk Den verdskjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå vatnet og skapar ei trolsk stemning. Blir du med ferja på Nærøyfjorden, frå Kaupanger til Gudvangen, og passasjerbåt frå Flåm/Aurland, får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge kan by på.

Last updated: 06/20/2023

Source: Visit Sognefjord AS

Sognefjorden

Senest besøgte sider