VIGTIGT! Læs denne information om Coronavirus og din rejse til Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland LUSTER

Sognefjellet Nasjonal Turistveg

  • Fortun, Luster
  • +47 99231500
  •  /  km From You
Overview

Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh).

Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen kan du ane dei mektige fjella i det fjerne, og langsamt stig vegen opp gjennom dalen. Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark. Det er i tillegg utvikla ei matrute over Sognefjellet.

Sognefjellsvegen strekkjer seg altså frå Sognefjorden i vest til Gudbrandsdalen i aust, og mange kallar dette den verkelege porten til Jotunheimen. Her finn du eit fantastisk utval av dei flottaste og mest minnerike opplevelsane du kan tenkje deg. 

Langs vegen ligg utsiktspunkta og ventar på at du skal ta ein pause og verkeleg la naturen synke inn. På Mefjellet rasteplass finn vi Knut Wolds steinskulptur som lar oss sjå fjellandskapet på ein annen måte. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side. Der Hurrungane kneiser mot himmelen slepp fjellet plutseleg taket og landskapet endrar seg igjen. Ut mot Gaupne, som er endepunktet på strekninga, går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver.

Vegen er vinterstengt, men plar opne rundt 1.mai. Informasjon om når vegen er open finn du på www.vegvesen.no 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages