Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Sogn Skisenter - langrennsanlegg

Sogn Skisenter, som også er kalla Heggmyrane ligg på Hafslo i Luster Kommune og har både langrennsanlegg og alpinbakkar.

I Sogn skisenter finn du lysløype på 6 km og maskinpreppa spor fordelt på 3, 6, 10 og 14 km. 

Rundene kan kombineres og løypene går i flott skogsterreng. Lyset er på til klokka 22:00. Den flotte fjelløypa til Dale vert preppa frå januar og kan nytast til godt over påske.

Etter ein runde eller to i langrennsløypa så er det eit must å reisa innom Kafeen. Kafeen på skisenteret er nyoppussa og ligg til med flott utsikt rett mot alpinbakkane og dei tilbyr varm suppe, fersk heimelaga pizza, Chili con carne, baguetter, kaker med meir. 

Last updated: 03/25/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Sogn Skisenter - langrennsanlegg

Senest besøgte sider