






Sogn Kunstsenter finn du på Lærdalsøyri, i Lærdal Kulturhus saman med Norsk Villakssenter og Laksen bakeri og kafé
Sogn kunstsenter opna i 2011 og huser Gjesmesamlinga. Lærdalskunstnaren Hans Gjesme (1904–1993) donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut frå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, måleri, akvarell, pastell og skulptur.
På Sogn Kunstsenter kan du sommaren 2026 oppleva to utstillingar som viser både kunsthistoria og samtidskunsten i regionen. I utstillinga «Hans Gjesme – Høgdepunkt» får du sjå eit breitt utval av dei mest representative verka frå det lange kunstnarskapet til Hans Gjesme. I gruppeutstillinga «Der me er» møter du aktuelle samtidskunstnarar med sterk tilknyting til Sogn og Fjordane.
Utstillinga «Hans Gjesme – Høgdepunkt» løftar fram kjende motiv frå Lærdal, landskap, portrett, byliv og skildringar av menneske i arbeid. Her får publikum eit innblikk i eit kunstnarskap som strekte seg over meir enn 70 år, og som framleis står sterkt både lokalt og nasjonalt.
I «Der me er», presentert av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane, møter du sju kunstnarar som på ulike måtar utforskar samtid, tilhøyrsle, endring og kva det vil seie å vera «her». Utstillinga viser noko av det som rører seg i kunstlivet i regionen akkurat no, og inviterer til refleksjon kring kunst, kvardag og stad.
For dei som ønskjer ei kunstoppleving med både lokal forankring og nye perspektiv, er Sogn Kunstsenter eit naturleg stopp i Lærdal sommaren 2026.
Sommarutstillingane opnar 19. juni 2026. «Der me er» står til 25. september 2026, medan «Hans Gjesme – Høgdepunkt» står til 30. april 2028. I sommarsesongen er kunstsenteret ope kvar dag frå kl. 10.00–18.00.
Heile området er lett tilgjengeleg med trinnfri ankomst. Toalettfasilitetar for rørslehemma og andre finst i kaféen. Museet er samlokalisert med Besøkssenter Villakssenter, som har fellesbillett med Sogn Kunstsenter. Laksen bakeri & kafé i same bygget serverer nybakte bakverk og pizza. Me anbefaler våre besøkande ein tur innom begge når du er i Lærdal.
Kilde: Visit Sognefjord AS