Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Seljord

Skorve

Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve.

Tur/retur Gøysen
Dette er ein flott og krevande dagstur med formidabelt utsyn over fjellheimen i Telemark. Du kjem raskt over tregrensa så sørg for å pakke sekken med ekstra varme klede og vindtett jakke. Hugs at veret kan skifte fort i fjellet!

Starten på turen er bratt og du går gjennom tett skog som etterkvart opnar seg og du får flott utsikt utover Kivledalen. På vegen opp er det skilta til vraket av Liberatoren. Dette er ein avstikker frå løypa til Gøysen på cirka ein km tur/retur. Det høgaste punktet på turen er varden på Gøysen 1370 moh. Her kan du nyte utsikta over mest heile Telemark! Du går same vegen tilbake (10,2 km tur/retur) til p-plassen.

Lengre tur
Dersom du ynskjer ein lengre tur (14 km) kan du vandre vidare til den nest høgste toppen, Nordnibba (1365 moh). Ver merksam på at det er dårleg merka mellom dei to toppane så du bør ha med kart. Frå Nordnibba kan du gå vidare gjennom den frodige Finndalen til Skriustøl og vidare ned til grusvegen Kivledalsvegen. Det er imidlertid langt å gå på grusveg for å koma til p-plassen att så me anbefalar å sette ein bil i kvar ende av løypa dersom du vel å gå turen i sin heilskap!

Startpunkt
Startpunktet for stigen er i Kivledalen.

Køyreforklaring
Start turen ved turistinformasjonen i Seljord sentrum. Køyr 500 m vestover. Sving til høgre opp Gullnesvegen. Du køyrer gjennom eit byggjefelt med mange stikkvegar til høgre og venstre, men hald deg på Gullnesvegen. Du køyrer 10 minutt på grusvegen inn i Kivledalen, til P-plassen ved Haugan.

Last updated: 03/06/2023

Source: Vest Telemark

Skorve

Senest besøgte sider