Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Mosterhamn

Topptur til Siggjo

Eit fantastisk utsiktspunkt – og eit spennande geologisk område. Ein lett tilgjengeleg topptur som tek om lag ein time opp.

Stad

Siggjarvåg/Moster.

Turkart

Stord - Fitjar 1:50.000

Start- og sluttpunkt

Grøvle/Siggjarvåg

Parkering

Ved riksveg/fylkesveg 542 på Stokka i Siggjarvåg er det gode parkeringstilhøve. Her stoppar bussen på signal. Nede i Siggjarvåg, og i Håvik, er det tilkomst til løypa for båtturistar.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. Løypa er skilta og merkt. 

Gradering

Raud, middels krevjande. Ein del bratte parti.

Høgdeskilnad

Om lag 300 m. Løypa sitt høgaste punkt er 474 moh.

Tidsbruk

Om lag 2 timar.

Gode råd

Nokre våte og glatte parti, bruk høvelege sko. Her finn du gode råd for fjellturen.

Turomtale

Siggjo har til alle tider vore eit viktig innseglingsmerke som ein kan sjå langt til havs. Fjellet er eit populært turmål, og mange tusen besøkjer det kvart år. Frå parkeringsplass følgjer du ein godt merkt sti, som går over i ein traktorveg. Følg traktorvegen oppover til skilt merkt Siggjo, og herfrå oppmerkt sti mot toppen. Store deler av turen går på flotte sherpatrapper.

Det er også laga til fleire "rasteplassar" med benker og bord i stein. Ta deg tid til nokre stopp undervegs, og nyt utsikta etter kvart som ho opnar seg! Frå Siggjo er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Du vil kunna sjå heilt frå Lyderhorn ved Bergen til Haugesund. Folgefonna ligg i aust som eit glinsande kvitt teppe, og i vest kan du sjå utover storhavet så langt auga rekk. Ein kan sjå Bømlo med sine meir enn tusen øyar og skjergarden i heile Sunnhordland.

På toppen er det merkt stig til ryolittbrot. Her kan ein sjå spor etter fleire tusen år gammal steinbryting. Ryolitt-varianten som finst på Siggjo, er særmerkt og lett kjenneleg, med ein mørk grønleg botnfarge og lysare årer og spetter. Steinen vart broten frå fjellet med eld og vatn. Ryolitten frå Siggjo var i bruk frå kring 4000 til kring 2000 år f.Kr. Det meste av Siggjo-ryolitten vart brukt i Hordaland.

Dette området har stor verneverdi, så respekter dette og ikkje ta med stein herfrå. I lange, lange tider har Siggjo vore vêrmerke og vêrvarslar: - Tek Siggjo på seg hatten, er det varsel om vatten. - Tek Siggjo på seg kåpa, på godvêr kan du ikkje håpa. - Tek Siggjo på seg beltet sitt, vert det sol, men det skyar litt. - Står Siggjo naken og klår, er det om godvêr ho spår.

Segna fortel at Heilag Olav ein gong gøymde eit skrin med gull i Siggjo. Han sette det slik at sola skein inn gjennom nykelhòlet klokka tolv Olsokdagen, og då skein det i gullet lang veg. Denne gamle segna er ikkje så kjend i dag. Men før i tida har det kanskje vore meir enn éin som sleit og sveitta på bøen eller om bord i fiskebåten, som ved middagsleite Olsokdagen retta ryggen og sende eit lengselsfullt blikk opp mot Siggjo i von om å sjå gullglimting ein eller annan stad i Siggjahadlene.



 

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Topptur til Siggjo

Senest besøgte sider