Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Seljord

Seljord

Velkomen til Seljord Vår kommune representerer eit mangfald av overnattingstilbod og opplevingar. Utfordringa di er å velje kva du vil gå glipp av. Seljord har i alle fall hatt busetnad tilbake til eldre bronsealder (1800-1100 år f.kr) og tradisjon med handelsnæring tilbake til folkevandringstida (500 år e.kr). Me er i dag ein moderne kommune med flott infrastruktur, rike kulturelle røter og er kjende for god service.

Velkomen til Seljord

Opplev Seljord som ligg mellom aust og vest. Her er det god kommunikasjon med omverda, med bussekspressar gjennom bygda. Me tilbyr opplevevingar i fleng, her har me storslått natur, festivalar, tradisjonar både når det kjem til mat og handtverk, Dyrsku`n som er landets største handelsmarknad i september, og Selma, sjøormen kåns.

Her finn du to gamle historiske hotell, og campingplassar med trygge badeområde for borna. Den kjempegode Telemarksisen blir og laga her!

Hos Turistvert Kjersti på Brøløs får du vite meir, velkommen inn!



Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Seljord

Senest besøgte sider