Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

Lærdal

Sanden Pensjonat, Lærdal

Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg overnattingstilbod i Lærdal sentrum – heile året

Sanden pensjonat gjev deg eit triveleg og personleg overnattingstilbod i den gamle delen av Lærdal sentrum. Sanden pensjonat vart fyrst etablert i 1897, men bygningen vart oppført allereie på 1840-talet.

Pensjonatet, som er varsamt renovert og miljøsertifisert, har seks gjesterom. Alle rom har private bad. I fyrste etasje finn du salongen, som òg er frukostrom, og utanfor er ein triveleg gjestehage. Det er trådlaust internett på pensjonatet. Romma kan nyttast som enkelt- eller dubbeltrom

Pensjonatet har ope heile året.

Frå juni 2020 er det mogleg å lade el-bil her på Sanden pensjonat, for overnattande gjester. Ladaren er plassert til høgre for resepsjonsinngangen:

Last updated: 03/25/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Sanden Pensjonat, Lærdal

Senest besøgte sider