Hopp til hovedinnhold
Loen

Sandeåsen Feriesenter

Sandeåsen er ei skjult perle i Lodalen. Anlegget ligg for seg sjølv frå hovudveg (ca.4,5 km frå Loen), omkransa av høge majestetiske fjell og utsikt mot vakre Lovatnet. Sandeåsen Feriesenter er eit nyoppstarta feriesenter, feriesenteret tilbyr overnatting på campingplass og i hytter. Oppstillingsplassane (46 stk) overheld ny standard med 4 meter avstand mellom einingane. Hyttene held god standard og har plass til 4-5 personar. Tilhøyrande servicebygg tilbyr familierom med dusj og toalett, vaskemaskin og tørketrommel, moglegheiter for oppvask. Ein finn også kafé, restaurant og bar i bygget.

Kilde: Nordfjord