Loen
Sande Camping
Restaurant/cafe
Sauna
TV
Lake area
Mountain area
PlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments, både enkle sommarhytter og velutstyrte høgstandardhytter for heilårsbruk. Magisk utsikt over Lovatnet og til Krunebreen.
Campingplass i Lodalen, med flott utsikt oppover Lovatnet. Hytter og apartments. Fine telt- og oppstillingsplassar direkte ved vatnet. Nyrenovert sanitæranlegg, med bla sauna, nytt kjøkken og opphaldsrom. Båt – og kanoutleige, gratis ørretfiske.
Supert utgangspunkt for vandring, breturer og toppturer. Dei anbefalar spesielt tur på Skåla, Via Ferrata Loen - og pendelbana Loen Skylift til Hoven.
I sanitæranlegget er det 2 sauna, ei for damer og ei for herrer. Etter ein lang fjelltur eller ein regnfull og kald dag er det godt å ta ei avslappande stund i saunaen. Eit tips er å ta ein liten springmarsj og ein kort dukkert i Lovatnet når kroppen er godt oppvarma. Sjå oppslag på campingen om kva tid saunaen er oppvarma. Kan også varmast opp utanom dei ordinære tidene på forespørsel.
Gratis ørretfiske i Lovatnet og her er både båt og kanoutleige.
Last updated: 08/14/2023
Source: Nordfjord
Sande Camping